Folkemusikkveka, logo
Kjøp billett

Sundag 24. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Spelemannsstund i Gamlestugu
Bli med til Bakketeigen der det heile starta i 1976! På denne konserten får du oppleve fleire av dei som stod på programmet på den aller fyrste festivalen. Det blir også tilbakeblikk frå oppstarten og frå festivalåra på Bakketeigen. 
Medverkande: Frank Syversrud, Øyvind Brabant, Knut Myrann, Thorleif Stave, Hallgrim Berg
OBS: Begrensa antal plassar.
Klokkeslett
16:00
Sted
Gamlestugu, Bakketeigen
Inngang
200,-

Mandag 25. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Kved opp, Guds folk, syng høgt i kor!
Denne kvelden på Evjens Minne vil me samle både dei som er glade i å synge, og dei som er glade i å høyre på! Professor Anders Aschim fortel om Nynorsk Salmebok, både om bakgrunnen og om sjølve boka. Gunnlaug Lien Myhr tek oss med inn i salmesongen i Hallingdal, og me møter òg Ål Kantori under leiing av Vemund Olav Aukrust. Arrangementet er eit samarbeid mellom Folkemusikkveka og Ål og Hol Mållag. OBS: Berre billettsal i døra.
Klokkeslett
18:00
Sted
Evjens Minne
Inngang
200,-

Onsdag 27. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Blåtur i Gamlevegen
Gamlevegen på Sundre er kjent for sine mange idylliske hus og innhaldsrike historie. På denne blåturen opnar eit knippe huseigarar opp stovene sine til minikonsertar med ulike folkemusikarar. Konsertruta er på 3 - 4 hus, og blåturen varar i ein god time. Felles oppmøte på Sundre torg.
Klokkeslett
16:30
Sted
Inngang
200,-

Torsdag 28. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
... FRAM MOT SUMARSTID
Når me syng i lag skil kroppen ut hormon som gjer oss gladare. Legg til litt mat og kaffi, og vips har du ei perfekt oppvarming på festivalhelga! Ål Bygdekvinnelag sel smakfull dugurd, husorkesteret spelar opp, og då manglar berre stemma di. Kom og syng i det store koret!
Klokkeslett
13:00
Sted
Evjens minne
Inngang
200,-
Kyrkjekonsert
Den offisielle opninga av Folkemusikkveka og eit av festivalen sine varemerker, sidan 1979. Dei siste åra har ei fullsett kyrkje fått oppleva sterke musikalske augeblikk. Blant årets artistar finn du mellom anna Ål-koret, Vemund Olav Akurust, Olav Luksengard Mjelva, Per Anders Buen Garnås og Magnhild Garnås Haugen m.fl.
Klokkeslett
19.00
Sted
Ål kyrkje
Inngang
300,-

Festivalkveld

Festivalkveld på Sundrehall
Billetten inkluderar både quiz og konsert.
Klokkeslett
Sted
Inngang
300,-
Musikkquiz
Kom med nypussa briller, nyfeia øyregangar og gode vener til musikalsk kunnskapsleik for vaksne. Maks 5 deltakarar på kvart lag og meld gjerne på laget ditt på førehand. Påmelding sendast til post@folkemusikkveka.no. Flotte premiar til vinnarlaget!
Klokkeslett
20.30
Sted
Sundrehall
Inngang
SYMRE
Symre er låtskrivar og gitarist frå Morgedal, med røter i folkemusikken. Tekstane er på dialekt, og vert ofta skildra som «finurleg», med humor som eit viktig verkemiddel. Musikken er leiken, og hentar element frå folk, jazz, pop og rock. SYMRE brenn for engasjerande formidling, og er kjend for god kontakt med publikum. Ho kjem til Ål med fullt band, og med rykande fersk musikk frå plata “Ikkje noko for meg”.
Klokkeslett
22.30
Sted
Sundrehall
Inngang

Fredag 29. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Kurs i hallingspringar
Håkon Tveito lærer deg hallingspringar på 1-2-3! Kom med eller utan partner, alle får danse. Arne Anderdal spelar
Klokkeslett
10.00
Sted
Ål kulturhus
Inngang
Gratis
Gull frå magasinet: Brøstklutar
Ragnhild Kolsrud frå Hallingdal Museum syner fram skattar frå den rikhaldige drakttradisjonen i Øvre Hallingdal. «Brøstkluten» er eit rektangulært stykke tøy med prydnadar av ulikt slag. Det finst ein utruleg rik og variert tradisjon for dette vesle plagget, både når det gjeld fargar og materiale, mellom anna frå Øvre Hallingdal. I dette foredraget får du sjå eit utval frå dei rike museumssamlingane og få meir innblikk i det store mangfaldet og mogelegheitane i dette tradisjonsrike plagget. Kanskje får du lyst til å lage ein sjølv?
Klokkeslett
11.00
Sted
Ål bibliotek
Inngang
Gratis
Arne Anderdal: Godsruta
Hardingfelespelar Arne Anderdal frå Hemsedal er ein sterk formidlar av tradisjonsmusikken frå Hallingdal. I 2011 gav han ut plata Godsruta, med slåttespel og runddansmusikk frå Hallingdal og Hemsedal, og til denne konserten på TID kafé tek han med seg Erlend Styve og Steinar Odde, som i dette høve utgjer Godsruta Trio. Saman vil dei spele musikk frå frå både hardingfele- og trekkspelrepertoaret med spennvidde frå vals til springar.
Klokkeslett
12.30
Sted
TID Kafé
Inngang
Gratis
Hex liminal: Hekate og Mamelukk
Ei liminal fase er ein overgangstilstand der eit individ står mellom gammal og ny posisjon eller status. Gjennom framsyninga utforskar songtrioen Hekate og dansekompaniet Mamelukk kva som finst i denne fasen, med suggererande song, kraftfull rørsle og spektakulær lyssetting. Publikum går frå å ha ein observerande rolle til å gradvis delta med rørsle.
Klokkeslett
15.00
Sted
Sprang, Ål kulturhus
Inngang
300,-
Spelemenn på Sundretur - ein kveld med Bjella, Buen og Nordstoga
Det blir felespel og visekunst av beste merke når Stein Torleif Bjella, Odd Nordstoga og Per Anders Buen Garnås deler scene. Ein einaste kveld, i Storesalen på Ål kulturhus!
Klokkeslett
17.00
Sted
Ål kulturhus
Inngang
550,- (stud./ungdom/festivalpass: 450,-)
EKSTRAKONSERT: Spelemenn på Sundretur - ein kveld med Bjella, Buen og Nordstoga
Det blir felespel og visekunst av beste merke når Stein Torleif Bjella, Odd Nordstoga og Per Anders Buen Garnås deler scene. Ein einaste kveld, i Storesalen på Ål kulturhus!
Klokkeslett
20.00
Sted
Ål kulturhus
Inngang
550,- (stud./ungdom/festivalpass: 450,-)

Festivalkveld

Festivalkveld på Sundrehall
Billetter gjev inngang til alle konsertane på Sundrehall denne kvelden og til Thon Hotell Hallingdal.
Klokkeslett
18.00
Sted
Sundrehall
Inngang
570,- / 370,-
Helga Myhr: Plateslepp
Helga Myhr skal sleppe si andre soloplate! Materialet på denne plata er slåttar etter fleire av dei sentrale kjeldene i Hallingdal som Kristian Øvrevollseie, Sevat Sataøen, Olav Sataslåtten og Engebret Ødegård. Helga har her fokusert på slåttar og slåtteformer som er sjeldan i bruk i dag og på denne konserten vil Helga syne fram slåttar ho har arbeidd med frå barndommen av og fram til nyare tid.
Klokkeslett
18.30
Sted
Sundrehall
Inngang
Slåttestafett
Sundrehall har ord på seg for å ha det beste dansegolvet i Hallingdal, og dette vil me at alle skal få høve til å oppleve! Difor har me invitert til ein spelstafett med eit knippe musikarar frå festivalen. Dei speler sine største hits på sitt instrument, med eitt mål for auga: å få alle til å danse! Her gjeld det å halde på stakken og hatten, for dette vert ei heftig hitparade.
Klokkeslett
19.45
Sted
Sundrehall
Inngang
Pumpegris
Pumpegris spelar heile natta med feite låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar der vokalist Vera Sonne lenar seg mot alt frå kveding til rap, med andre ord det som til ein kvar tid fangar folkemusikken sitt dansande driv. Her møter norsk kulturarv notidas ungdom, slåttar møter rap og fuzzgitar møter salmetoner.
Klokkeslett
21.00
Sted
Sundrehall
Inngang

Festivalnatt

Festivalnatt på hotellet
Billetten gjev inngang til både folkemusikklubben og til dans i festsalen.
Klokkeslett
22.00
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
250,-
Folkemusikklubb
Folkemusikkklubb med Egil Kalman, Kvåvne og diverse slåttespel.
Klokkeslett
22.15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Egil Kalman
Egil Kalman spelar norske og svenske tradisjonsslåttar på modulærsynth, og musikken hans dreg parallellar mellom folkemusikk og moderne musikk. Ved bruk av reinstemming, hypnotiske slåtteformer utforskar han element frå tradisjonell skandinavisk folkemusikk og set den i eit nytt lys.
Klokkeslett
Sted
Inngang
Plateslepp: Kvåvne
Slåtten går uavbrote. Dansen trør. Tida flyt saman i ein augneblink kor ein kan miste seg sjølv. Rammeslått og brådikting. Kvåvne spelar leikent og blodig alvorleg slåttespel laga for dans. Kvåvne var eit tingingsverk til Jørn Hilme-stemnet 2025. No har musikken frå tingingsverket blitt spelt inn på plate, og platesleppet finn stad på Folkemusikkveka!
Klokkeslett
Sted
Inngang
Dans i festsalen
I festsalen vil musikarar frå ulike trakter i landet by opp til runddans og bygdedans utover kvelden og inn i dei seine nattetimar. Gammaldansgruppa SKROT står for runddansmusikken denne kvelden.
Klokkeslett
22.15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Skrot
SKROT er ei folkemusikkgruppe som spelar variert folkemusikk som passar både til konsert og dans! Gruppa har utspring frå Ole Bull Akademiet på Voss, og musikken er forankra i tradisjonen i Gudbrandsdalen. Dei unge musikarane har alle sterke røter i runddansmusikken, men evner samstundes å utfordre musikken med element frå ulike sjangrar.
Klokkeslett
Sted
Inngang

Laurdag 30. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Kurs i hallingspringar
Håkon Tveito lærer deg hallingspringar på 1-2-3! Kom med eller utan partner, alle får danse. Arne Anderdal spelar
Klokkeslett
10.00
Sted
Ål kulturhus
Inngang
Gratis
Songkurs
Kom og syng med Gunnlaug Lien Myhr! Gunnlaug Lien Myhr er ein sentral tradisjonsberar innan norsk folkemusikk og folkedans, med djup forankring i Hallingdalstradisjonen. Kurset er ope for alle.
Klokkeslett
10.00
Sted
Ål kulturhus
Inngang
Gratis
Leug lurdag
Her kan du oppleve fleire av Noregs beste lausdansarar til kappestrid på Sundrehallplassen! Hallingdanstevlinga 1 mot 1 går føre seg etter cup-prinsippet og det tevlast i både junior- og seniorklasse. Vinnarane vert løna i form av heider, ære og ikkje minst ein pengepremie. I tillegg til tevling vert det musikk og dans, og sal av god mat og drikke.
Klokkeslett
11.00
Sted
Sundrehallplassen
Inngang
Gratis
Fanitulltevlinga
I Fanitulltevlinga får du oppleve eit knippe av dei beste utøvarane på hardingfele og vanlig fele konkurrere mot kvarandre om ein pengepremie og Olav Thons sylvpokal!
Klokkeslett
14.00
Sted
Evjens minne
Inngang
200,-
Bygdamønstringa
Her kan alle som vil bidra, og me inviterer med dette DEG til å ta steget opp på scena og bidra med spel, dans, song, diktlesing - eller noko heilt anna! Jens A. Myros minnepris vert delt ut her.
Klokkeslett
15.00
Sted
Storesalen, Ål kulturhus
Inngang
300,-
Festkonsert: Folkemusikkveka 50 år!
Gjennom denne festkonserten vil publikum få eit innblikk i festivalen si historie og i dagens folkemusikkmiljø i Hallingdal gjennom historiske tilbakeblikk, musikk, song, dans og samtaler. Programleiarar: Sigrun Høgetveit Berg og Anders Lunden Herfoss.
Klokkeslett
18:00
Sted
Storesalen, Ål kulturhus
Inngang
300,-

Festivalkveld

Festivalkveld på Sundrehall
Billetter gjev inngang til alle konsertane på Sundrehall og Thon Hotel Hallingdal denne kvelden.
Klokkeslett
18:30
Sted
Sundrehall
Inngang
570,- / 370,-
FANITULL-FINALE (oppvarming: Talentskula i Buskerud)
Tre finalistar møtast til kappspel, og tevlar om 30 000,- og napp i Olav Thons pokal! Talentskula i Buskerud varmar opp før finalistane denne kvelden. Kom og høyr framtidas folkemusikarar!
Klokkeslett
19.00
Sted
Sundrehall
Inngang
Hekate
Hekate er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske folkemusikkscena. Debutalbumet deira, Evigheten forestår, vart sleppt i juni 2025 og vart nominert til både Folkelarmprisen og Spellemannprisen. Hekate tek den tradisjonelle dansemusikken inn i ei ny retning med kompromisslaus kveding i klubbsetting. Med materiale frå heile landet som utgangspunkt, fører dei slåttemusikken på nye vegar gjennom improvisasjon, kraftfulle klangar og heftig tramp. Målet er at publikum ikkje har sjans til å stå stille når dei sett i gang.
Klokkeslett
20:15
Sted
Sundrehall
Inngang
Gabba
Gabba er eit samisk band som saumlaust blandar tradisjonell joik med inspirasjon frå norsk folkemusikk, americana og verdsmusikk. Joikemeistaren John André Eira frå Mazé, Guovdageaidnu, tek med seg forfedre og originale komposisjonar inn i musikken. Saman skapar Gabba eit lydbilete som er både fengjande og fengslande. Lyttarar og publikum kan forvente ein autentisk musikkoppleving full av ungdommeleg energi! Gabba fekk Sundrehall til å koke då dei vitja festivalen i 2024, og me ser fram til å få besøk av dei att i jubileumsåret!
Klokkeslett
21:00
Sted
Sundrehall
Inngang

Festivalnatt

Festivalnatt på hotellet
Billetten gjev inngang til både folkemusikklubben og til dans i festsalen.
Klokkeslett
22.00
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
250,-
Folkemusikklubb
Folkemusikkklubb i hotellbaren med DJ Sissyfus, Hått, ulike spelemenn m.m. Hått er ein trio med hardingfele, gitarar og trekkspel som spelar tradisjonelle runddansslåttar i hardingfeletradisjon. Hått spelar fyrst og fremst slåttar frå Numedal, Valdres og Telemark, og musikken høyrer til ein gamal og særeigen type runddansslåttar frå den fyrste tida då europeiske impulsar møtte dei gamle norske bygdedansane og bygdespelemennene.
Klokkeslett
22.15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Dans i festsalen
Gammaldans med Kvarts og bygdedans til ulike spelemenn. Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest etablerte folkemusikkgruppene i Noreg, og har sidan oppstarten i 1998 vore ein viktig formidlar av tradisjonsmusikk og dansemusikk. Kvarts oppstod i si tid på Folkemusikkkveka, og har medverka i festivalprogrammet mange gonger, både med konsertar, dansespel og bestillingsverk. Dei er med andre ord sjølvskrevne artistar i eit jubileumsår! Kvarts medverkar på festkonserten laurdag og folkemusikkgudstenesta sundag, og spelar til dans på Thon Hotell Hallingdal laurdag kveld.
Klokkeslett
22.15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang

Sundag 31. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Folkemusikkgudsteneste
Sidan 2007 har Ål kyrkje fått stønad frå Kulturrådet til å integrere folkemusikk i gudstenesta. Messeledda, komponert av Jo Asgeir Lie, fungerer som berande element, medan fleire festivalmusikarar medverkar.
Klokkeslett
11.00
Sted
Ål kyrkje
Inngang
Gratis
Familiedag på Ål bygdamuseum
Etter ei lang festivalhelg inviterer me dykk opp til ein innhaldsrik dag på museet. Her blir det noko for alle: Folkemusikkrebus for ungar, sal av kake og kaffi, konsert med Ingeborg og Margit Onstad og høve til å gå inn i husa på museet.
Klokkeslett
12.30
Sted
Ål bygdamuseum
Inngang
Gratis
Vardøger
Vardøger er ei kjærleiksfyld forsvarstale for vernet av naturen vår, komponert av felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg. Framført av vokalensemblet Song Circus og felespelar Tuva Færden.
Klokkeslett
14.00
Sted
Operalåven
Inngang
270,-

Personvern | © | Levert av TALA

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram