Her finn du info om overnatting, mat, billettar og anna praktisk info du skulle leite etter.
Overnatting
Midt i sentrum finn du Thon Hotel Hallingdal, med gangavstand til alle arenaer som nyttast under festivalen.
Litt vest for sentrum ligg Hallingdal Feriepark som tilbyr arkitekttegna designhytter, gode campingplassar for campingvogn, caravan og bubil med straum og vatn, fyrsteklasses sanitæranlegg og fellesområde.
Dei kan også kjøpast i skranka på Ål Kulturhus, eller på tlf 32 08 51 00
Det vert også mogleg å kjøpe billettar i døra på kvart arrangement, men me oppfordrar publikum til å kjøpe på førehand for å unngå kø ved inngangen til kvar konsert.
Aldersgrense
Me ynskjer alle, gamle og unge, velkomne til Folkemusikkveka. Difor er det kun arrangementet "Festivalnatt" på Thon Hotel Hallingdal som har aldersgrense 18 år.
Parkering
Det finns diverse parkeringsplassar rundt om på Sundre, nær både Sundrehall, Ål Kulturhus og Thon Hotel Hallingdal.
Mat og drikke
Under festivalen har du fleire val når det kjem til mat og drikke.
Sundrehallplassen
Inne på sjølve festivalområdet kan du velje mellom forskjellig mat frå ulike aktørar frå år til år. Tidlegare har det vore alt frå lappar og steinomnspizza til småmat.
TID Kafé og Landhandel
Økologisk, bærekraftig kafé eit steinkast frå Ål Kulturhus, der du kan stikke innom for ein kopp kaffi, avis, mat, prat; aleine eller saman med andre. Her kan ein også bestille lunsj og få det levert. I tillegg til kafé er dette ein landhandel der du kan få kjøpt økologiske og lokale råvarer.
Thon Hotel Hallingdal
Hotellet tilbyr diverse servering av mat og drikke under festivaldagane.
Smittevern
Folkemusikkveka ynskjer å skape ein trygg festival for alle, og vil følgje eventuelle gjeldande smittevernsreglar på festivaltidspunktet.
ÅL - midt mellom aust og vest
Ål ligg midt i mellom Oslo og Bergen, og er ein kort togtur unna begge desse byane med Bergensbanen. Det går fire tog både frå Oslo og Bergen dagleg og turen tek 3/ 3,5t.
I 2021 vart Ål kommune utnemnd til Norges Kulturkommune og Årets nynorskkommune.