Me tør å påstå at Sundrehall er Noregs råaste bedehus!
Her sit det mange år med gode festar og konsertopplevingar i veggene.
Under festivalen får du oppleve konsertar som varierar frå solo hardingfele til folkrock-band frå denne scena. Her er det plass til å både lytte og danse!
Kyrkjekonserten er den offisielle opninga av Folkemusikkveka, og har vorte ein pilar under festivalen. Me har utvikla eit tett og godt samarbeid med kyrkja, noko som har resultert i ei lang rekkje eineståande gode konsertopplevingar. Gjennom dei siste åra har ei fullsett kyrkje fått oppleva sterke musikalske augeblikk.
KVAR: ÅL KYRKJE
Øystein Velure, Folkemusikkveka sin eigen Quiz-general, stiller også i år spørsmål på sin heilt særeigne og underfundige måte. Øystein si høgre hand er sjølvsagt Morten Gjeldokk. Merk deg at dette ikkje er ein rein folkemusikkquiz, men ein musikkquiz der alle kan delta og der det ikkje vert stilt krav til at ein skal vita kva låttar Øyvind Brabant spela på Landskappleiken på Otta.
Alle kan med andre ord delta, og alle har sjansen til å nå opp. Meld gjerne på laget ditt på førehand. Flotte premiar til vinnarlaget!
KVAR: SUNDREHALL
Personvern | © | Levert av TALA