I Fanitulltevlinga har du sjansen til å få høyre Noregs beste utøvarar på hardingfele og fele konkurrere mot kvarandre i same tevling!
Gjennom oppspel kjem ein fram til tre prisvinnarar som skal spele finale på Sundrehall. Desse tre deler premiepotten på kr. 30 000,- vinnaren får 15 000,-, og ein flott sylvpokal.
Det er Olav Thon som har gjeve pokal og prispengar til fremje av "spillemannskunsten", som han seier.
NÅR: LAURDAG
OPPSPEL KL 14.00, EVJENS MINNE
FINALE KL 18.00, SUNDREHALL
Laurdag blir 8 000,- delt ut til Noregs beste lausdansar! Tevlinga vil gå føre seg etter cup-prinsippet der vinnaren av kvart heat går vidare til neste, heilt til det berre er to att som møtast i finale.
Det er også juniorklasse; to heat + finale. Vinnaren her får 3000,- kroner.
NÅR: LAURDAG, KL 11.00
KVAR: SUNDREHALLPLASSEN
Prisen er til minne om spelemannen Jens A. Myro(1921-2002), og er innstifta i 2003 av lokalvisa Hallingdølen. Målet er å stimulere interessa for tradisjonell musikk og dans blant dei unge, og prisen skal difor gå til eit talent under 20 år.
Jens A. Myros pris er på 10 000 kr., samt to sølvspenner til bunadsko eller sølje i sølv. Prisen blir delt ut på Bygdamønstringa.
NÅR: LAURDAG, KL 15.00
KVAR: BYGDAMØNSTRINGA, ÅL KULTURHUS
Prisen er til minne om spelemannen og instrumentmakaren Olav H. Skrindo Sletten (1913–2003), og er sett opp av hans arvingar i samarbeid med Sparebank 1 Hallingdal. Prisen er på kr 10 000,- og skal delast ut annan kvart år til ein nybyrjar eller vidarekomen, privat instrumentmakar, fortrinnsvis felemakar.
NÅR: LAURDAG, KL 15.00
KVAR: BYGDAMØNSTRINGA, ÅL KULTURHUS
Personvern | © | Levert av TALA