Folkemusikkveka, logo
Kjøp billett

Laurdag 24. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Olav Sletto i ord og tonar
Eva Almhjell frå Slettoselskapet heldt foredrag om Olav Sletto, og det vert også fokus på Sletto sitt forhold til folkemusikken i Hallingdal. Hilde Kirkebøen medverkar på hardingfele. OBS: Kun dørsal.
Klokkeslett
13:00
Sted
Hol gamle kyrkje
Inngang
200,-

Sundag 25. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Austanfor sol og vestanfor måne
Gjennom forteljing, dans og musikk blir dette gamle folkeeventyret levandegjort av unge utøvarar som med innleving og kraft tek publikum med på ei reise fylt av spenning, undring og sterke kjensler. Medverkande: Skodespelarar frå Ål Kulturskule og dansarar frå Hallingdal dansekompani. Musikk ved folkemusikktrioen MOJNA.
Klokkeslett
18:00
Sted
Sprang, Ål kulturhus
Inngang
180,- / 100,-

Onsdag 28. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Strandaspel og dekkalåttar
CD- og bokslepp! Anders Lunden Herfoss står bak ei ny bok om gamle spelemenn i Ål, og med boka fylgjer også ein cd med arkivopptak med fleire av desse. Forutan omtale av utøvarane på cd-en kan ein óg lese om eldre spelemenn som Asle-Knut, Asle-Øino, Bråta-Per, Myreguten m.m. Boka vil presenterast med bilete, soger og låttespel frå lokale utøvarar. Medverkande: Anders Lunden Herfoss, Øyvind Brabant, Hilde Kirkebøen, Ingebjør Sørbøen m.fl. Folkemusikkpub og dans etterpå.
Klokkeslett
19:00
Sted
Solhov
Inngang

Torsdag 29. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
...fram mot sumarstid
Allsong gjer livet lysare. Kom og syng i det store koret!
Klokkeslett
13:00
Sted
Evjens Minne
Inngang
200,-
Kyrkjekonsert
Den offisielle opninga av Folkemusikkveka, og ein av grunnpilarane til festivalen. Dei siste åra har ei fullsett kyrkje fått oppleva sterke musikalske augeblikk.
Klokkeslett
19:00
Sted
Ål Kyrkje
Inngang
250,-

Festivalkveld

Festivalkveld på Sundrehall
Billetten inkl. både quiz og konsert
Klokkeslett
Sted
Inngang
300,-
Musikkquiz
Kom med nypussa briller, nyfeia øyregangar og gode vener til musikalsk kunnskapsleik for vaksne med servering!
Klokkeslett
20:30
Sted
Sundrehall
Inngang
Revolver feat. Kåre Opheim
Revolver er kompromisslaus og progressiv folkemusikk med råskapen frå gamle rytmar og tonalitetar. Anders Røine og Daniel Sandén Warg spelte fyrste gong på Folkemusikkveka i 2014, då som ein duo. Albumet deira Bibopalula frå 2018 har vorte fullrost av kritikarar og publikum, og har oppnådd ein kultstatus i miljøet. No – over 10 år etter førre besøk har dei fått med seg perkusjonisten Kåre Opheim på laget, og trioen leverer rå og rebelsk tradisjonsmusikk på sin heilt særeigne måte.
Klokkeslett
22:30
Sted
Sundrehall
Inngang

Fredag 30. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Kurs i hallingspringar
Lær deg hallingspringar på 1-2-3! Kom med eller utan partner, alle får danse. Instruktør: Lars Fivelstad Smaaberg
Klokkeslett
10:00
Sted
Ål Kulturhus, Syningen
Inngang
Gratis
Kvedarkurs
Folkesongar Margit Myhr lærer deg eit knippe låtar frå songtradisjonen i Hallingdal.
Klokkeslett
10:00
Sted
Ål Kulturhus, Veslefeten
Inngang
Gratis
Gull frå magasinet: pannelin og huvuklutar
Ragnhild Kolsrud frå Hallingdal Museum syner fram skattar frå den rikhaldige drakttradisjonen i Hallingdal.
Klokkeslett
11:00
Sted
Ål Bibliotek
Inngang
Gratis
Durspel til dugurd
I 2025 er det 100 år sidan toraderspelar Embrik Bergaplass frå Leveld vart fødd. På denne konserten vil Ingunn Stræte, Lisbeth Haraldsen, Håkon Tveito m.fl. på kvart sitt vis hylle den musikalske arven etter Embrik Bergaplass.
Klokkeslett
12:00
Sted
TID Kafé og Landhandel
Inngang
Gratis
Leik og leit
Lausdans og folkemusikk-orientering for ungar! Har du lyst til å lære å danse, kruke og kanskje ta til og med ta eit hallingkast? Etter lausdansen kan du vera med på folkemusikk-orientering på Sundre og til og med vinne premiar!
Klokkeslett
12:00
Sted
Inngang
Gratis
Åsmund Fauske Jøtun og Sindre Tronrud
Eit musikalsk møte mellom hardingfeletradisjonane i Hallingdal og Valdres.
Klokkeslett
13:30
Sted
Evjens Minne
Inngang
200,-
Martin Steinum Brun
Årets unge folkemusikar 2024 og vinnar av IntroFolk, Martin Steinum Brun er folkesongar frå Vågå i Gudbrandsdalen. I sin musikk leiar han lyttaren med seg inn i folkesongens mange forteljingar, alt frå det absurde og humoristiske til det nakne og personlege. I tillegg til songen nyttar han kraviklyre og bygdeharpe i sitt uttrykk.
Klokkeslett
15:30
Sted
Evjens Minne
Inngang
200,-
Bill.mrk.: Heil ved
Bill.merk.: Heil ved er ei danseframsyning om dating, kjærleik, ved, erkjenning og sjølvrespekt. Framsyninga vart kåra til Årets produksjon på Folkelarmprisen 2024. Medverkande: Ådne Geicke Kolbjørnshus, Sivert Holmen og Andreas Bratlie.
Klokkeslett
17:00
Sted
Sprang, Ål Kulturhus
Inngang
300,-

Festivalkveld

Festivalkveld på Sundrehall
Billetter gjev inngang til alle konsertane på Sundrehall denne kvelden og til Thon Hotell Hallingdal.
Klokkeslett
Sted
Inngang
570,- (stud./ungdom: 370,-)
Festivalvorspiel
Varm opp til kvelden med uss! Sal av mat og drikke.
Klokkeslett
18:00
Sted
Sundrehallplassen
Inngang
Nora Legrand
Spellemannsnominerte Nora Legrand slapp debutplata si Paper Sky i 2024 og har allereie hausta mangt eit lovord frå både publikum og presse. Med ei bakgrunn som spenner frå Romsdalen, via Frankrike og til Appalachane bergtek Nora Legrand publikum med si sjelfulle stemme og bråcatchy americana-låtar. Inspirert av musikarar som Brandi Carlile, Chris Stapleton, Sierra Ferrell og med ei fordjuping i bluegrass frå East Tennessee State University har Nora Legrand funne si eiga stemme i country- og singer/songwriter-tradisjonen.
Klokkeslett
18:30
Sted
Sundrehall
Inngang
Slåttestafett
Sundrehall har ord på seg for å ha det beste dansegolvet i Hallingdal, og dette vil me at alle skal få høve til å oppleve! Difor har me invitert til ein spelstafett med eit knippe musikarar frå festivalen. Dei speler sine største hits på sitt instrument, med eitt mål for auga: å få alle til å danse! Her gjeld det å halde på stakken og hatten, for dette vert ei heftig hitparade.
Klokkeslett
19:45
Sted
Sundrehall
Inngang
Plateslepp: Madam Jam
Med sin banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Gruppa har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet sitt «van danse» i 2023, med fengande melodiar, frekke rytmer i gitar og banjo og krutsterk danseappell. Denne fredagen slepp dei andreplata si «Partykongen». Bli med på festen!
Klokkeslett
21:00
Sted
Sundrehall
Inngang

Festivalnatt

Festivalnatt på hotellet
Billetten gjev inngang til både folkemusikk-klubben og til dans i festsalen
Klokkeslett
22:30
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
220,-
Folkemusikk-klubb
Folkemusikkklubb i hotellbaren.
Klokkeslett
22:30
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Dans i festsalen
Gammaldans og bygdedans frå fjern og nær.
Klokkeslett
22:30
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Folkemusikk-klubb: Reolô
Kvartetten Reolô hentar inspirasjon mange kantar, men folkemusikken luskar alltid i bakgrunnen. Dei tek samtida på kornet, medan fokuset på groove, tett samspel og gamalmodig tonalitet gjev musikken eit tidlaust preg. Medverkande: Anders Røine, Rasmus Kjorstad, Magnus Skavhaug Nergaard, Hans Hulbækmo.
Klokkeslett
23:30
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang

Laurdag 31. mai

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
Kurs i hallingspringar
Lær deg hallingspringar på 1-2-3! Kom med eller utan partner, alle får danse. Instruktør: Lars Fivelstad Smaaberg
Klokkeslett
10:00
Sted
Ål Kulturhus, Syningen
Inngang
Gratis
Leug lurdag
Her kan du oppleve fleire av Noregs beste lausdansarar til kappestrid på Sundrehallplassen! Før tevlinga vert det musikk og dans, og sal av god mat og drikke.
Klokkeslett
11:00
Sted
Sundrehallplassen
Inngang
Gratis
Sven Nyhus Kvartett: Fotspor
Legendariske Sven Nyhus kvartett vart starta i 1969, og dei særeigne trekkspelarrangementa og dei utfordrande felekomposisjonane deira har skapt eit stilideal for mange. I 2024 gjenoppstod kvartetten att, denne gongen med Sven si dotter, Åshild Breie Nyhus, som solist. Kvartetten spelar framleis det same, kjende repertoiret, med fele og hardingfele som bærande element, og fører soleis arven etter Sven Vidare. Sven Nyhus kvartett spelar også til dans på Thon Hotell Hallingdal laurdag kveld.
Klokkeslett
13:00
Sted
TID Kafé og Landhandel
Inngang
Gratis
Fanitulltevlinga 2025
I Fanitulltevlinga får du oppleve eit knippe av dei beste utøvarane på hardingfele og vanlig fele konkurrere mot kvarandre om ein pengepremie og Olav Thons sylvpokal!
Klokkeslett
14:00
Sted
Evjens Minne
Inngang
200,-
Bygdamønstringa
Her kan alle som vil bidra, og me inviterer med dette DEG til å ta steget opp på scena og bidra med spel, dans, song, diktlesing - eller noko heilt anna! Jens A. Myros minnepris vert delt ut her.
Klokkeslett
15:00
Sted
Storesalen, Ål Kulturhus
Inngang
300,- (stud./ungdom: 150,-)

Festivalkveld

Festivalkveld på Sundrehall
Billetten gjev inngang til alle konsertane på Sundrehall denne kvelden
Klokkeslett
Sted
Inngang
570,- (stud./ungdom: 370,-)
Festivalvorspiel
Varm opp til kvelden med uss! Sal av eit utval mat og drikke.
Klokkeslett
17:30
Sted
Sundrehallplassen
Inngang
FANITULL-FINALE, oppvarming: Talentskula i Buskerud
Tre finalistar møtast til kappspel, og tevlar om 30 000,- og napp i Olav Thons pokal! Talentskula i Buskerud varmar opp før finalistane denne kvelden. Kom og høyr framtidas folkemusikarar!
Klokkeslett
18:00
Sted
Sundrehall
Inngang
Tostemt: Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Med finurlege arrangement, rytmisk snert, humor og varme gjev dei ein variert konsert med tostemt slåttetralling, supplert med lyarlåttar og danseviser akkompagnert med lyre og langeleik.
Klokkeslett
19:30
Sted
Sundrehall
Inngang
Valkyrien Allstars
Valkyrien Allstars er kjende for å vera eit av landets beste liveband, og reknast som pionerar for den nye folkemusikken med sitt heilt særeigne uttrykk. I mai 2025 kjem Valkyrien Allstars med nytt album, og musikken frå det nye albumet er med andre ord rykande fersk når Valkyrien Allstars inntek Sundrehall!
Klokkeslett
20:45
Sted
Sundrehall
Inngang

Festivalnatt

Festivalnatt på hotellet
Billetten gjev inngang til både folkemusikk-klubben og dans i festsalen.
Klokkeslett
22:00
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
250,-
Folkemusikk-klubb
Folkemusikkklubb i hotellbaren.
Klokkeslett
22:15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Dans i festsalen
Sven Nyhus Kvartett
Klokkeslett
22:15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Dans i festsalen
Gammaldans og bygdedans frå fjern og nær.
Klokkeslett
22:15
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang
Folkemusikk-klubb: Skurken på dansegolvet
Med hardtslåande tekstar på lomsdialekt og melodiar med rytmikk og groove frå ulike dalføre i Noreg dreg Skurken på dansegolvet parallellar til farlege bygdefestar og gyngande dansegolv. Inspirasjonen hentar dei frå både Edit Piaf, Toumas Holopainen og Anders Røine. Dans deg inn i natta med Skurken på Dansegolvet!
Klokkeslett
23:00
Sted
Thon Hotel Hallingdal
Inngang

Sundag 01. juni

Arrangement
Klokkeslett
Sted
Inngang
FOLKEMUSIKKGUDSTENESTE
Sidan 2007 har Ål kyrkje fått stønad frå Kulturrådet til å integrere folkemusikk i gudstenesta. Messeledda, komponert av Jo Asgeir Lie, fungerer som berande element, medan fleire festivalmusikarar medverkar.
Klokkeslett
11:00
Sted
Ål Kyrkje
Inngang
Gratis
Familiedag på Ål bygdamuseum
Etter ei lang festivalhelg inviterer me dykk opp til ein innhaldsrik dag på museet. Musikalske innslag, sal av mat og kaffi.
Klokkeslett
13:00
Sted
Ål Bygdamuseum
Inngang
Gratis

Personvern | © | Levert av TALA

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram