Folkemusikkveka, logo
Kjøp billett
Foto: Isa Holmgren

- Folkemusikkveka er ein festival som betyr svært mykje for meg og som eg gler meg stort til å få lov til å arbeide med, seier Solfrid Nestegard Gjeldokk. Ho overtek som dagleg leiar i Folkemusikkveka etter at noverande leiar, Silje Risdal Liahagen, har gjennomført Folkemusikkveka 2024.

Solfrid Nestegard Gjeldokk har utdanning innan kulturleiing og tradisjonsmusikk, og har god erfaring frå planlegging og gjennomføring av arrangement og produksjonar, både frå folkemusikk- og folkedansfeltet, men også innan andre sjangrar. Ho er sjølv utøvar innan både folkedans og song, og har lang erfaring frå Folkemusikkveka som tilskodar, dugnadsarbeidar, utøvar, styremedlem og styreleiar.

- Heilt sidan eg var liten har Folkemusikkveka vore ein heilt sjølvsagt del av mai og festivalsumaren. Det er ein viktig møtestad for folkemusikk- og folkedansinteresserte, og er ein arena for formidling av tradisjonar, vidareutvikling og nyskaping. Det er ein spanande festival å jobbe med ettersom den både har fokus på å ivareta lokal tradisjon frå Hallingdal og elles i landet, i tillegg til å tenkje framover og nytt.

Solfrid Nestegard Gjeldokk har sidan 2016 budd i Oslo og har sidan 2019 vore tilsett i FolkOrg, organisasjon for folkemusikk og folkedans. No gler ho seg til å flytte attende til Hallingdal.

- Eg har lenge hatt eit ynskje om å flytte heimatt til Hallingdal, og gler meg til å både bu og arbeide der. Det finnast så mange gode ressursar og miljø i Ål og nabobygdene som eg ser fram til å bli betre kjend med og å samarbeide med.

Silje Risdal Liahagen har sagt opp stillinga si som Dagleg leiar i Folkemusikkveka. Ho fortset i stillinga til og med endt festival i 2024.

 

Silje Risdal Liahagen har vore tilsett i Folkemusikkveka sidan november 2019 då ho tok over stillinga etter Ulf Arne Johannessen. Liahagen er eit kjent namn innan folkemusikk- og folkedansmiljøet og er også frilansar innan både kveding, song, folkedans og opplæring. Dette er også noko av grunnen til at ho no vel å slutte i stillinga som festivalsjef for Folkemusikkveka.

- Å vere festivalsjef har vore lærerikt, utfordrande og aller mest skikkeleg moro. Eg vil takke styret og frivillige for godt samarbeid, og artistar og publikum for fantastiske konsert- og festivalopplevingar. No ser eg fram til kva frilanslivet har å by på, seier Silje Risdal Liahagen. 

- Vi er svært takksame for den jobben Silje har gjort for Folkemusikkveka sidan 2019. Ho har vidareført mange av dei godt etablerte programpostane, halde fast på tradisjonane og samstundes tilført nye tankar og tiltak som er med på å halde festivalen aktuell og levande. Vi er lei oss for at ho no vel å slutte i stillinga, men har full forståing for at ho no søkjer nye utfordringar, seier styret i Folkemusikkveka. 


Folkemusikkveka søkjer difor ny
dagleg leiar frå og med juni 2024. Stillingsutlysing finn du her.

Då kan me endeleg presentere programmet for Folkemusikkveka 2023!

Og for eit program! Det kjem ein fantastisk gjeng med artistar til Ål i mai. Me kan friste med ekte cajunfest, bluegrass på norsk, einradarstafett, låttetralling, jubileumskonsert for to legendariske gammaldansorkester, folkemusikk-klubb fredag og laurdag, kurs i dans og song og mykje meir...

I programmet finn de òg våre faste postar, som Kyrkjekonserten, Fanitulltevlinga og Bygdamønstringa. Desse arrangementa er på ein måte ryggraden til festivalen, og me er stolte av å vidareføre og vidareutvikle slike tradisjonsrike programpostar.

Då er det berre å drøyme om sol og grøne dalsider, yrande uteliv og gyngande dansegolv.

Me gler oss til ei helg fylt av musikk og dans, fest og folkeliv på Sundre! Sjå heile programmet her.

Endeleg vert det festival!

Etter to år med avlysing og alternative løysingar ser me fram mot å få arrangere ein fullskala festival, og å endeleg kunne invitere artistar og publikum til folkefest på Sundre att.

Me drøymer om ein stappfull Sundrehall, eit fullsatt Sprang, sol og uteliv og gyngande dansegolv.

I programmet vil de finne faste postar som Kyrkjekonserten, Fanitulltevlinga og Bygdamønstringa. Desse arrangementa er på ein måte ryggraden til festivalen, og me er stolte av å vidareføre og vidareutvikle slike tradisjonsrike programpostar.

De finn også m.a. ei nylaga og høgst aktuell danseførestilling, ein serie med konsertføredrag, dansekurs med laus snipp, ellevill folkemusikkaraoke, ein forrykande jubileumskonsert og heile TO plateslepp!

Me har også eit fantastisk knippe artistar med på laget, og gler oss til ei helg fylt av musikk og dans, fest og folkeliv! Sjå heile programmet her.

Dei noverande tilhøva for arrangement og festivalar er diverre slik at vi ikkje får gjennomført festival slik som planlagt i år. Folkemusikkveka 2021 vert likevel ikkje avlyst, men vi jobbar mot ei alternativ gjennomføring av programmet, med fleire arrangement gjennom året.

Eit knippe konsertar vert arrangert til dei opphavelege festivaldatoane 27. - 30. mai, medan mykje av festivalprogrammet vert planlagt gjennomført i løpet av seinsumaren og hausten, i samarbeid med fleire lokale arrangørar og arrangement. Me skal mellom anna samarbeide med SALT art & music i Oslo, Storhelg i Hallingdal og Sundreball om arrangement framover. Vi ynskjer å få gjennomført så mykje som mogeleg av årets festivalprogram på ein trygg måte, og at flest mogeleg skal få høve til å både gjennomføre og oppleve konsertane.

Vi vonar at vi sjåast på folkemusikkarrangement på Ål gjennom 2021, og ikkje minst at vi sjåast på Folkemusikkveka 2022!

Førebels festivalprogram 2021

OBS: Med atterhald om endringar!
Vi jobbar framleis med å legge programkabalen på nytt, men har så langt desse programpostane på plass:

Mini-Folkemusikkveka

24-28.mai, kl 15.00

28.mai, kl 19.00

29.mai, kl 19.00

Resten av året

26.juni, Oslo

September, Ål

2.oktober, Torpo

Personvern | © | Levert av TALA

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram