Folkemusikkveka, logo
Kjøp billett
Grønn hatt

Ledig stilling

Publisert:  04.01.2024

Folkemusikkveka søkjer ny dagleg leiar frå og med juni 2024.

Ansvarsområde/ arbeidsoppgåver:
- Dagleg drift av festivalen og rapportering til styret
- Planlegging og gjennomføring av arrangement
- Økonomiansvar og administrativt arbeid
- Kontakt med utøvarar, sponsorar og samarbeidspartnarar
- Marknadsplanlegging, marknadsføring og profilering av festivalen

Kvalifikasjonar:
- Relevant erfaring og/eller utdanning innanfor kulturleiing
- Erfaring med, og kjennskap til kultur- og arrangementsproduksjon
- God kjennskap til norsk folkemusikk og folkedans
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, helst på nynorsk


Personlege eigenskapar:
- Initiativrik, positiv og strukturert
- Trivast med både å samarbeide og å leie
- Fleksibel med omsyn til arbeidstider og arbeidsoppgåver 

Søknadsfrist 15. januar 2024.
 
Oppstart: 1. juni 2024 eller tidlegare (etter avtale).
Omfang: 70 %. Løn etter avtale.
Tilsetting på åremål (3 år med moglegheit til forlenging).

Vi ber om at CV vert vedlagt søknaden.

Søknad sendast pr. e-post til:
folkemusikkveka@gmail.com
 
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Styreleiar Solfrid Nestegard Gjeldokk, tlf: 415 52 655, e-post: solfrid.gjeldokk@gmail.com

Personvern | © | Levert av TALA

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram