Silje Risdal Liahagen har sagt opp stillinga si som Dagleg leiar i Folkemusikkveka. Ho fortset i stillinga til og med endt festival i 2024.
Silje Risdal Liahagen har vore tilsett i Folkemusikkveka sidan november 2019 då ho tok over stillinga etter Ulf Arne Johannessen. Liahagen er eit kjent namn innan folkemusikk- og folkedansmiljøet og er også frilansar innan både kveding, song, folkedans og opplæring. Dette er også noko av grunnen til at ho no vel å slutte i stillinga som festivalsjef for Folkemusikkveka.
- Å vere festivalsjef har vore lærerikt, utfordrande og aller mest skikkeleg moro. Eg vil takke styret og frivillige for godt samarbeid, og artistar og publikum for fantastiske konsert- og festivalopplevingar. No ser eg fram til kva frilanslivet har å by på, seier Silje Risdal Liahagen.
- Vi er svært takksame for den jobben Silje har gjort for Folkemusikkveka sidan 2019. Ho har vidareført mange av dei godt etablerte programpostane, halde fast på tradisjonane og samstundes tilført nye tankar og tiltak som er med på å halde festivalen aktuell og levande. Vi er lei oss for at ho no vel å slutte i stillinga, men har full forståing for at ho no søkjer nye utfordringar, seier styret i Folkemusikkveka.
Folkemusikkveka søkjer difor ny dagleg leiar frå og med juni 2024. Stillingsutlysing finn du her.
Personvern | © | Levert av TALA