Laurdag 1. mars inviterer Fryd Scene og Folkemusikkveka til platesleppkonsert med Kvedarkvintetten, avspark til Folkemusikkveka 2025 og dansefest på Sundrehall. I tillegg til kveldsprogrammet blir det også kurs i hallingspringar og toraderspel på dagtid.
Denne dagen vil du ikkje gå glipp av!
TAGAL
Å «låte på kjafte», altså syngje låtar utan tekst, er ei eiga grein innanfor den tradisjonelle folkesongen. Kvedarkvintetten frå Torpo har i mange år utvikla dette i musikken sin, og no er dei klare med plata Tagal. Tagal tyder å teie still eller vere ordlaus, og er eit verk skrivi for kvedarkvintetten av Jorun Marie Kvernberg. Med minimal bruk av tekst og fokus på klang og uttrykk, skapar Tagal eit heilt nytt landskap for folkesongen.
Kvedarkvintetten er: Margit Myhr, Helga Myhr, Sina Myhr, Silje Risdal Liahagen og Tonje Risdal Liahagen.
Billettar til konserten finn du her.
KURS I DANS OG SPEL
På dagtid vert det også arrangert GRATIS kurs i hallingspringar og torader på Ål Kulturhus. Håkon Tveito er instruktør i hallingspringar og Torstein Gjeldokk skal instruere i bygdespel på torader. Desse kursa passar best for deg som har spelt og dansa litt tidlegare eller som vil friske opp gamal kunnskap.
Tidspunkt for kursa er kl. 12:00 - 16:00.
Påmelding til kurs er pr. e-post til:
torstein.gjeldokk@hotmail.com (torader)
kvileoyvind@gmail.com (hallingspringar)
Personvern | © | Levert av TALA