Då kan me endeleg presentere programmet for Folkemusikkveka 2023!
Og for eit program! Det kjem ein fantastisk gjeng med artistar til Ål i mai. Me kan friste med ekte cajunfest, bluegrass på norsk, einradarstafett, låttetralling, jubileumskonsert for to legendariske gammaldansorkester, folkemusikk-klubb fredag og laurdag, kurs i dans og song og mykje meir...
I programmet finn de òg våre faste postar, som Kyrkjekonserten, Fanitulltevlinga og Bygdamønstringa. Desse arrangementa er på ein måte ryggraden til festivalen, og me er stolte av å vidareføre og vidareutvikle slike tradisjonsrike programpostar.
Då er det berre å drøyme om sol og grøne dalsider, yrande uteliv og gyngande dansegolv.
Me gler oss til ei helg fylt av musikk og dans, fest og folkeliv på Sundre! Sjå heile programmet her.
Personvern | © | Levert av TALA