Folkemusikkveka, logo
Kjøp billett
Grønn hatt

Eit annleis festivalår

Publisert:  19.10.2021

Dei noverande tilhøva for arrangement og festivalar er diverre slik at vi ikkje får gjennomført festival slik som planlagt i år. Folkemusikkveka 2021 vert likevel ikkje avlyst, men vi jobbar mot ei alternativ gjennomføring av programmet, med fleire arrangement gjennom året.

Eit knippe konsertar vert arrangert til dei opphavelege festivaldatoane 27. - 30. mai, medan mykje av festivalprogrammet vert planlagt gjennomført i løpet av seinsumaren og hausten, i samarbeid med fleire lokale arrangørar og arrangement. Me skal mellom anna samarbeide med SALT art & music i Oslo, Storhelg i Hallingdal og Sundreball om arrangement framover. Vi ynskjer å få gjennomført så mykje som mogeleg av årets festivalprogram på ein trygg måte, og at flest mogeleg skal få høve til å både gjennomføre og oppleve konsertane.

Vi vonar at vi sjåast på folkemusikkarrangement på Ål gjennom 2021, og ikkje minst at vi sjåast på Folkemusikkveka 2022!

Førebels festivalprogram 2021

OBS: Med atterhald om endringar!
Vi jobbar framleis med å legge programkabalen på nytt, men har så langt desse programpostane på plass:

Mini-Folkemusikkveka

24-28.mai, kl 15.00

  • Margit Myhr og Erlend Apneseth
    Margit Myhr og Erlend Apneseth gjev ut duoplate med solo slåttespel og kveding og skal halde ein plateslepp-serie heime på garden sin i Nasagardane, Ål.

28.mai, kl 19.00

  • Sommarfuglar
    Ei musikalsk framsyning bygd på historiene om Fange-Liv og Eivind Fredlaus, med Marit Sehl, Ingunn Stræte og Vetle Springgard.

29.mai, kl 19.00

  • Kvedarrekrutten og Kvedarkvintetten
    Ungdommar frå heile Hallingdal som gjennom prosjektet Ung Halling har lært seg kveding, med Kvedarkvintetten som lærarar. På konserten skal ungdommane opptre saman med Kvedarkvintetten.

Resten av året

26.juni, Oslo

  • Samarbeid med SALT art & music og Oslofolk - laget for folkemusikk.

September, Ål

  • Festkonsert for Jens A. Myro
    Storspelemannen Jens A. Myro frå Ål ville fyllt 100 år 1. september i 2021. Vi ynskjer å hylle han på fleire måtar, mellom anna med ein eigen festkonsert i Ål Kulturhus.
  • Fleire små og store konsertar på Ål
  • Hardingfelekurs

2.oktober, Torpo

  • Pubkveld og duokonsertar på Hugnadheim
    Samarbeid mellom Folkemusikkveka og Hugnad Ungdomslag. Konsertar med både Camilla Granlien & Jo Skaansar og Tuva Syvertsen/Erik Sollid.

Personvern | © | Levert av TALA

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram