Folkemusikkveka, logo
Kjøp billett
Grønn hatt

Ny dagleg leiar i Folkemusikkveka

Publisert:  07.02.2024
Foto: Isa Holmgren

- Folkemusikkveka er ein festival som betyr svært mykje for meg og som eg gler meg stort til å få lov til å arbeide med, seier Solfrid Nestegard Gjeldokk. Ho overtek som dagleg leiar i Folkemusikkveka etter at noverande leiar, Silje Risdal Liahagen, har gjennomført Folkemusikkveka 2024.

Solfrid Nestegard Gjeldokk har utdanning innan kulturleiing og tradisjonsmusikk, og har god erfaring frå planlegging og gjennomføring av arrangement og produksjonar, både frå folkemusikk- og folkedansfeltet, men også innan andre sjangrar. Ho er sjølv utøvar innan både folkedans og song, og har lang erfaring frå Folkemusikkveka som tilskodar, dugnadsarbeidar, utøvar, styremedlem og styreleiar.

- Heilt sidan eg var liten har Folkemusikkveka vore ein heilt sjølvsagt del av mai og festivalsumaren. Det er ein viktig møtestad for folkemusikk- og folkedansinteresserte, og er ein arena for formidling av tradisjonar, vidareutvikling og nyskaping. Det er ein spanande festival å jobbe med ettersom den både har fokus på å ivareta lokal tradisjon frå Hallingdal og elles i landet, i tillegg til å tenkje framover og nytt.

Solfrid Nestegard Gjeldokk har sidan 2016 budd i Oslo og har sidan 2019 vore tilsett i FolkOrg, organisasjon for folkemusikk og folkedans. No gler ho seg til å flytte attende til Hallingdal.

- Eg har lenge hatt eit ynskje om å flytte heimatt til Hallingdal, og gler meg til å både bu og arbeide der. Det finnast så mange gode ressursar og miljø i Ål og nabobygdene som eg ser fram til å bli betre kjend med og å samarbeide med.

Personvern | © | Levert av TALA

crossmenu linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram