HALLINGDANSTEVLINGA 1 MOT 1 - THE WINNER TAKES IT ALL

laus-27.jpg

Laurdag 27. mai blir 10 000,- blanke kroner delt ut til Norges beste lausdansar. Tevlinga vil foregå etter cup-prinsippet der vinnaren av kvart heat går vidare til neste heilt til det berre er to att. Den beste av dei står altså att med all æra og alle penga. I år som i fjor blir det også juniorklasse; to heat + finale. vinnaren stikk av med 1000,- kroner. 

NB: Seierherren pliktar å spandere øl på andremann og dagleg leiar!

 

 


Når: Laurdag 27. mai ca. 12.00

Kvar: Sundrehall 

FANITULLTEVLINGA 2017 - FANITULLPRISEN OG OLAV THONS POKAL

astrid-3-small.jpg

Fanitulltevlinga er eit kappspel med laus snipp på hardingfele og fele. Gjennom oppspel kjem ein fram til tre prisvinnarar som skal spele finale på Sundrehall. Desse tre deler premiepotten på kr. 30 000,- vinnaren får 15 000,-, og ein flott sylvpokal.

Det er Olav Thon som har gjeve pokal og prispengar til fremje av "spillemannskunsten", som han seier.


 

 


Når: 13.00 OG finale ca. 20.15

Kvar: aal pensjonat og sundrehall

JENS A. MYROS MINNEPRIS

Prisen er til minne om spelemannen Jens A. Myro(1921-2002), og er innstifta i 2003 av lokalvisa Hallingdølen. Målet er å stimulere interessa for tradisjonell musikk og dans blant dei unge, og prisen skal difor gå til eit talent under 20 år.

Jens A. Myros pris er på 10 000 kr., samt to sølvspenner til bunadsko eller sølje i sølv. Prisen blir delt ut på Bygdamønstringa.

 


 


Når: Laurdag 27. mai 15.00

Kvar: Bygdamønstringa