![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Sponsorar 2010Folkemusikkveka er avhengig av både private sponsormidlar og offentlege pengar. I det offentlege rom er Norsk Kulturråd, Buskerud Fylkeskommune og Ål kommune dei tyngste bidragsytarane, med tilsaman over 900.000 kroner i støtte. Men det er heilt avgjerande at det også finst private sponsorar for å få arrangementet vel i havn. ![]() Olav Thon (hovudsponsor) Folkemusikkveka har vore flink til å marknadsføre bygda Ål som ei kulturbygd. Arrangementet har vore med på å setja Ål på kartet, og som utflytt åling set eg naturlegvis pris på det. Eg er oppteken av kultur, og støttar arrangement også andre stader. Men eg må vedgå at folkemusikken, med den heilskap som musikken og dansen utgjer, kanskje ligg mitt hjarta nærast. Eg vaks jo opp med denne kulturen, og er forsåvidt litt arveleg belasta og: Min far deltok i ein alder av 80 år i ei tevling på torader i Drammens Teater, og vart nr. 2! -Olav Thon- ![]() Den Norske Folkemusikkveka er stolte av å kunne presentere ein ny samarbeidapartanar - Eco Vannkraft. E-co Vannkraft er Noregs nest største vasskraftprodusent, og eig og forvaltar kraftverk over heile Sør-Noreg, også ei rekkje i Hallingdal. Me ønsker E-co velkommen til Den Norske Folkemusikkveka! E-CO er en stor vannkraftprodusent i Hallingdal og det er en glede for oss å kunne gi støtte til kulturaktiviteter i lokalsamfunnet som vi selv er en del av. Gjennom de forskjellige arrangementene blir bredden i norsk folkemusikk presentert og ivaretatt. Den Norske Folkemusikkveka gjør en fremragende jobb og holder kulturlivet i Hallingdal på denne måten rikt og levende. Vi ønsker lykke til med arrangementet! Storefjell Resort Hotel Storefjell Resort Hotell har i alle tider vore spesielt interessert i folkemusikken i Hallingdal. Hotellet har god tradisjon for musikk og dans, sidan den tidlegare hotelleigaren, Andres Nibstad, var ein av dei store tradisjonsbærarane innan trekkspelmusikken. Storefjell hotell ynskjer å jobbe for at det lokale folkemusikkmiljøet skal blomstre og meiner difor det er viktig å støtte Den Norske Folkemusikkveka då denne står for den lokale folkemusikken i Hallingdal. Storefjell er hovudsponsor til Trekkspelgallaen på fredagen under festivalen. Hallingdølen støttar Den Norske Folkemusikkveka fordi det er ein festival som set Hallingdal og Ål på kartet på ein positiv måte. Me er dessutan stolte av å vera den verksemda som i samarbeid med arrangøren fekk æra av å innstifte Jens Myros Minnepris, ein pris som skal stimulere unge, lokale utøverar. ![]() Sparebank1 Hallingdal Det er ei stor glede for oss å kunne vere ein støttespelar for Den norske Folkemusikkveka. Som sparebank har me ein lang tradisjon for å støtte opp om kulturaktivitetar i lokalsamfunnet. Den Norske Folkemusikkveka bidreg positivt på fleire plan. Fyrst og fremst er den med på å halde ein viktig del av kulturarven vår levande. Unge talent lærer og blir inspirert av dei meir rutinerte, og i tillegg får me som publikum mange gode opplevingar. Den Norske Folkemusikkveka er dessutan med på å sette Hallingdal på kartet på ein god måte. Me er stolte av å ha eit slikt arrangement i Hallingdal, og ynskjer alle lukke til! Adm. banksjef Knut Oscar Fleten Offentlege støttespelarar: ![]() ![]() Ål kommune Den Norske Folkemusikkscena Ål spel og dansarlag ![]() Denne sida er under utvikling. |
||