Litt om festivalpass og kveldspass:

Festivalpass kr. 800,- 
Kveldspass fredag kr. 450,- 
Kveldspass laurdag kr. 450,- 

Kjøper ein festivalpass så har du adgang til ALT som skjer på Thon Hotel Hallingdal kalla «Festivalnatt» i programmet, samt alt som skjer på Sundrehall kalla «Festivalkveld». Festivalpass inkluderar altså også Musikkquiz/Aasmund Nordstoga torsdag 23. mai. Kjøper ein kveldspass anten fredag eller laurdag gjeld det «Festivalkveld» på Sundrehall og «Festivalnatt» på Thon Hotel Hallingdal. Alle andre billettar må kjøpast i tillegg. 

Grunnen til at me ikkje kan selge pass/billettar som gjeld alle arr. er størrelsen på lokala på dagtid (som er små). 

NB: Viss ein kjøper festivalpass eller kveldspass fredag får ein danseframsyninga «Dei gamle er eldst» for kun kr. 50,- 

NB 2: «Dei gamle er eldst»- billett kan også kjøpast utan festivalpass/kveldspass fredag, 

Torsdag 23. mai

...fram mot sumarstid...

Å syngje saman med andre styrker mental helse, viser nye studier. Å syngje saman med andre gir bedre resultat enn å syngje åleine eller drive med lagidrett. Ja, var det ikkje det me visste! Gode, gamle Evjens Minne, topp husorkester med Silje Risdal Liahagen i spissen, allsong og smakfull brunsj av Bygdekvinnelaget, må vel vere  ein god start på dagen!

Husorkester: Silje Risdal Liahagen, Audun Haugeplass, Audun Flaen og Jo Asgeir Lie.

13.00

EVJENS MINNE

100,-

Kyrkjekonserten 2019

Kyrkjekonserten under Folkemusikkveka har vorte ein pilar. Eit tett samarbeid med kyrkja har resultert i ei lang rekkje eineståande konsertopplevingar. Dei siste åra har kyrkja vore fullsett. Kunstnarane i år: Aasmund Nordstoga, Ål-koret, Silje Risdal Liahagen, Pär Sörman & Mads Kuraas, Kenneth Lien, Bendik Smedåsgjelten Qvam, Eilif Gundersen & Hallingdal Dansekompani, Hallingdal Kraftlag og Vinjefolk.

Stortingsrepresentant og bonde Per Olaf Lundteigen opnar Folkemusikkveka 2019.

19.00

ÅL KYRKJE

250,-
/125,-(ungdom)

Festivalnatt torsdag:

Musikkquiz

Øystein Velure, Folkemusikkveka sin eigen Quiz-general, stiller også i år spørsmål på sin heilt særeigne og underfundige måte, saman med høgre hand, Morten Gjeldokk. Merk deg at dette ikkje er ein rein folkemusikkquiz, men ein musikkquiz der alle kan delta, og der det ikkje vert stilt krav til at ein skal vita kven som spelte kva på Landskappleiken i 1946. 

Meld gjerne på laget ditt på førehand og få reservert eit bord. Merk "ute" eller "inne". 

Fine og fuktige premiar!

20.30

JEGERSTUGU,
THON HOTEL HALLINGDAL

200,-
800,-(festivalpass)

Aasmund Nordstoga
& Abildsø spelemannslag

Bonde og visesongar Aasmund Nordstoga har med si varme stemme og lune humor vore ein favoritt på Ål. Han er alltid god, men når han i tillegg tek med seg a-laget,  Abildsø spelemannslag, blir det bedre enn best.

Spelemannslaget består av John Vinge, Jørund Fluge, Erik Sollid og Åsmund Reistad

22.15

 

Myllargutens gammaldansorkester

Myllargutens gammaldansorkester er eit ensemble med ein ambulerande medlemsmasse. Dette betyr at du aldri heilt veit kven du får, men filosofien bak bandet gjer at du alltid veit kva: nemleg ultradansbar musikk og heisastemning. Med foten godt planta i tradisjonsmusikken snik det seg også inn slagerar som innbyr til allsong.

MGO feirar 5-årsjubileum i 2019 med live plateinnspeling på Ål så kom å bidra til ekstra god stemning!

23.30


Fredag 24. mai:

Belg te bisk

God frukost, gode låttar og gode historier med Oddvar Fingarsen og Ola Tom Evje.

08.30

KAFÉ TID

125,-

Lynkurs i hallingspringar

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

Instruktør: Ola Stave

10.00

SYNINGEN,
ÅL KULTURHUS

GRATIS

Pär Sörman tolkar Dan Andersson

Pär Sörman er skodespelar, visekunstnar, filantrop og ein gudbenåda plystrar. Han er kjent som ein av dei beste, om ikkje den beste, tolkaren av den store, svenske poeten Dan Andersson (1888-1920) sine sterke tekstar om “det fattiga folket som slåss för sitt bröd”.

11.15

KAFÈ TID

120,-
/60,-(ungdom)

Lars-Ingar Meyer Fjeld & Mads Kuraas

Folkemusikkveka sine eigne Knoll og Tott, Lars-Ingar Meyer Fjeld og Mads Kuraas har bidratt sterkt under festivalen vår dei siste åra. Anten ein kjenner dei med noko alternativ festdeltaking eller som knivskarpe konkurrentar under Fanitulltevlinga(eller begge delar) meiner me dei klart fortjener sin heilt eigen konsert. 

Lars-Ingar Meyer Fjeld: Hardingfele
Mads Kuraas: Fele

12.45

KAFÈ TID

120,-
/60,-(ungdom)

Kenneth Lien &
Bendik Smedåsgjelten Qvam

To av dei beste på munnharpe og bukkehorn!

14.15

KAFÈ TID

120,-
/60,-(ungdom)

“Dei gamle er eldst”

"Dei gamle er eldst!" si ein ofte; og fredagen under Folkemusikkveka skal denne hypotesa testast grundig då seks skikkeleg(!) gamle hallingdansarar inntek scena i forestillinga med same navn.

Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Me har trua!

Gamle dansarar: Martin Myhr, Dagfinn Krogsrud, Dag Hamre, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan og Vidar Underseth

Musikarar: Tuva Syvertsen og Sivert Holmen

Koreograf og dansar: Silje Onstad Hålien

Forestillinga er produsert i samarbeid med Riksscenen, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Jørn Hilme-stemnet

Festivalkveld fredag:

17.30

STORESALEN,
ÅL KULTURHUS

250,-
Obs! Kjøper du festivalpass eller kveldspass fredag kostar denne kun kr. 50,-

Festivalvorspiel

Happy hour, happy music, happy people!

17.00

SUNDREHALL

350,-
/100,-(ungdom)
450,-(kveldspass)
800,-(festivalpass)

FullSet

Det kokte i salen då FullSet gjesta Folkemusikkveka i 2016. Me satsar på minst like god stemning i 2019. 

Seksmannsorkesteret er noko av det tøffaste me har høyrt frå Irland på mange år og leverer alt frå dei mest rørande ballader til dei heftigaste reelar. I tillegg er dei meistrar i dans.

Gjer deg klar for irsk fyrverkeri av beste klasse!

19.00

Sundre Jetset

Sundre Jetset gjer nok eit comeback med skakk “frå dur er du kome til moll skal du bli” gamaldans og lokale tonar (men ikkje nødvendigvis herifrå.)

Sundre Jetset har sitt utspring i det elleville selskapslivet og beinharde undergrunnsmiljøet i Ål sentrum og spelar musikk under parolen “ med gråten i halsen til blomar i håret”

I tillegg til den faste besetningen med Espen Bergo på trommer, Hallvard Gjøstein, bass, Thor Olav Fjellhøi, tangenter og trompet, Ulf-Arne Johannessen på trekkspel, torader og gitar og Odd Halvard Seterdal, diverse strengeinstrument, har dei fått med seg Emilia Brekke Everett på song, Rebecca Loft på fele og bratsj samt Eilif Gundersen på trompet. 

Ta på dansefoten for her blir det trøkk!

NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall

21.00

Festivalnatt fredag:

NB: 18-årsgrense

Dans i festsalen

Non-stop gamaldans og springardans
med Haugerud, Fingarsen & Evje og diverse andre spelemenn.
Gamaldans, springar og pols(runddans/bygdedans)

22.00-02.00

FESTSALEN,
THON HOTEL HALLINGDAL

200,-
800,-(festivalpass)
450,-(kveldspass)

Vinjefolk

Storbandet Vinjefolk vart sett saman for å halde konsert på Vinjerock 2018. Der fekk dei nokre tusen Vinjerockarar til å spontandanse så Jotunheimen rista! 

Med sirkusdirektør Hans Martin Austestad i spissen fyrer Vinjefolk av hit på hit utover i fredagsnatta.

Hans Martin Austestad - banjo og song
Tuva Syvertsen - feler og song
Sara-Jane Summers - feler
Ellen Brekken - ståbass
Anders Lillebo - hammondorgel, trekkspel
Hans Kjorstad - feler
Knut Aalefjær - trommer
Juhani Silvola - gitarar

00.15

JEGERSTUGU,
THON HOTEL HALLINGDAL


Laurdag 25. mai:

Fele til frukost

Start dagen med den perfekte kombinasjonen av god mat, godt humør og god musikk. 

Med spelemenn og kvedarar frå Talentskola i Buskerud samt den eineståande velsmakande frukostbuffeten på Kafé Tid gjer at du lett kan danse deg gjennom resten av festivalen.

08.30

KAFÈ TID

125,-

Lynkurs i hallingspringar

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

Instruktør: Ola Stave

10.00

SYNINGEN,
ÅL KULTURHUS

GRATIS

Buskerudkappleiken 2019

Alle klasser bortsett frå Halling og fele/hardingfele. For informasjon om klasser og påmelding, sjå aalspelogdans.blogspot.no eller Facebook: Buskerudkappleiken 2019. Obs: Ved stor påmelding fortset kappleiken kl. 16.00 på Ål kulturhus.

10.00 - 12.00

STORESALEN,
ÅL KULTURHUS

120,-
/60,-(ungdom)
Gjeld heile kappleiken

Moro på Sundrehallplassen/
Buskerudkappleik 2019

Som vanleg stiller Noregs beste hallingdansarar på Ål laurdag kl. 12.00 for å tevle om 10.000,- blanke kroner og den gjeve tittelen
som Buskerudmeister 2019. Men allereie frå tidleg om morgonen blir det musikk, dans, god mat og, ikkje minst, god drikke. Skikkeleg godstemning, altså!

Hugs også Hattespark-konkurranse kl. 13.00.

10.30

SUNDREHALL

GRATIS

Bygdamønstring

Denne tradisjonsrike konserten treng ingen nærare presentasjon! I god gamal stil utfordrar me DEG til å innta scena og bidra med eit innslag!

Programleiarar: Ola Stave og Leif Ove Helling

OBS: Merk tidspunktet!

14.00

STORESALEN,
ÅL KULTURHUS

220,-
/110,-(ungdom)

Fanitulltevlinga/Buskerudkappleik 2019

Kappspeling mellom mange av dei fremste spelemennene i landet! Tre vinnarar deler premiepotten på kr. 30 000,- vinnaren får
15 000,-, og napp i ein flott sylvpokal.

Det er Olav Thon som har gjeve pokal og prispengar til fremje av «spillemannskunsten».

14.00

JEGERSTUGU,
THON HOTEL HALLINGDAL

120,-
/60,-(ungdom)
Gjeld heile kappleiken

Festivalkveld laurdag:

NB: Ingen aldersgrense

Festivalvorspiel

Happy hour, happy music, happy people dag 2!

17.00

SUNDREHALL

350,-
/150,-(ungdom)
800,-(festivalpass)
450,-(kveldspass)

STAUT

Laurdagen under Folkemusikkveka blir ein hektisk dag og for mange vil nok gutane i STAUT frå vår kjære nabodal Valdres, vera eit høgdepunkt. Bandet er superaktuelle med den kritikarroste nye plata si, Makalaus. 

Kan bli trangt så kom tidleg

18.00

Premieutdeling Buskerudkappleiken

19.45

Fanitullfinalen 2019

Tre spelemenn, tre hallingar (lauslåttar) og 30 000 blanke kroner.

20.15

Räfven(se)

Det åttemannsterke sigøynerpunkorkesteret frå Gøteborg spelar opp til dans laurdagskvelden på vårt kjære Sundrehall. Det gledes!


NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall

21.00

Festivalnatt laurdag:

NB: 18-årsgrense

Dans i festsalen

Non-stop gamaldans og springardans med Hallingdal Kraftlag og diverse spelemenn.

22.00-02.00

FESTSALEN,
THON HOTEL HALLINGDAL

200,-
800,-(festivalpass)
450,-(kveldspass)

Skrekk & Guro

Splitter ny jazzy og groovy folkrock av beste slag!

Guro Kvifte Nesheim – sang og hardingfele
Åsmund Løvland Solberg – sang og gitar
Egil Kalman – bass
Knut Kvifte Nesheim – trommer

00.15

JEGERSTUGU,
THON HOTEL HALLINGDAL


Sundag 26. mai:

Folkemusikkgudsteneste med kjente, kjære salmer

Kom til den vakre kyrkja vår og delta i «det store koret». Her er det ingen prestasjonskrav. Det einaste som skal til er at du finn glede i å syngje, eller høyre på om du heller vil det.

11.00

ÅL KYRKJE

GRATIS

Familiedag på museet/premieutdeling Buskerudkappleiken 2019

Her kan ein puste ut etter ein lang festival med mange store og gode musikkopplevingar. Ta borna med opp på Leksvol og få ei roleg, fin sundagsoppleving på tampen av Folkemusikkveka 2019.

13.00

ÅL BYGDAMUSEUM

GRATIS