NB: Små forandringar vil nok skje

torsdag 24. mai:

...fram mot sumarstid...

Å syngje saman med andre styrker mental helse, viser nye studier. Å syngje saman med andre gir bedre resultat enn å syngje åleine eller drive med lagidrett. Ja, var det ikkje det me visste! Gode, gamle Evjens Minne, topp husorkester, allsong og smakfull brunsj av Bygdekvinnelaget. Ein god start på dagen!

13.00

EVJENS MINNE

100,-(kun kontant)

kyrkjekonserten 2018

Kyrkjekonserten under Folkemusikkveka har vorte ein pilar under festivalen. Eit tett samarbeid med kyrkja har resultert i ei lang rekkje eineståande konsertopplevingar. Dei siste åra har kyrkja vore fullsett. Kunstnarane i år: Susanne Lundeng, Ål-koret & KVARTS, Stein Torleif Bjella, Toradertrioen frå Hallingdal, Per Anders Buen Garnås, Sigurd Brokke, Inger Lien & Kjell Hove og Sven Nyhus kvartett.

19.00

ÅL KYRKJE

250,-
/125,-(ungdom)

festivalnatt torsdag:

musikkquiz

Øystein Velure, Folkemusikkveka sin eigen Quiz-general, stiller også i år spørsmål på sin heilt særeigne og underfundige måte, saman med høgre hand, Morten Gjeldokk. Merk deg at dette ikkje er ein rein folkemusikkquiz, men ein musikkquiz der alle kan delta, og der det ikkje vert stilt krav til at ein skal vita kven som spelte kva på Landskappleiken i 1946. 

Meld gjerne på laget ditt på førehand. Fine og fuktige premiar!

20.30

THON HOTEL HALLINGDAL

200,-
800,-(festivalpass)

Stein TORLEIF BJELLA

Bjella er tilbake med fjerdealbumet, Gode Liv. Endelig er han heime, og visekunstnaren frå Ål lever i beste velgåande, heldigvis. Det vil bli trongt, sveitt og kanskje vondt så vær ute i god tid med nykvessa olbogar.
Quizen byrjar presis 20.30 og konserten byrjar upresist 22.15

22.15

 

Åpen scene og jam-sessions med Myllargutens gammaldansorkester

23.30


fredag 25. mai:

belg te bisk

God frukost, gode historier og gode låttar.

Møt spelemann og leksikon Anders Lunden Herfoss

08.30

KAFÉ TID

125,-

lynkurs i hallingspringar

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

Instruktør: Ola Stave

10.00

SYNINGEN,
ÅL KULTURHUS

GRATIS

Dugurdsdans og minikonsertar på Sundrehall

Dansegolv, servering, den beste musikken og vonleg nydeleg vêr – kan ikkje bli betre enn det! Ta deg ei pause i handelen eller på jobben og ta deg ein svingom på Sundrehall. 

11.00

SUNDREHALL

GRATIS

"munnharpeslaget" - magisk musikk

Ein godbit for alle som likar dei «mystiske klangane» og det drivande draget i godt munnharpespel: Det blir ein unik «champion-konsert» på Kafe Tid fredag, der Sigurd Brokke frå Setesdal og Erik Røine frå Valdres møter våre eigne, Hallgrim Berg, Bjørn Kvinnegard og Sigbjørn Stølen til dyst og moro…  Konserten er tileigna minnet om den entusiastiske Sigbjørn Solbakken.  Leiaren i Norsk Munnharpeforum, «Blåfjell-komponisten» Bent Åserud vil delta.

11.15

KAFÈ TID

120,-
/60,-(ungdom)

"vil du meg lyda eg kveda full kann.."

Kjell Hove & Inger Lien.

Det veglause samfunnet langs Møsstrond har fostra mang ein spelemann og kvedar. Me får høyre «visur og stev» – tradisjonell kveding – med sterk innleving, utan akkompagnement, «vekt på konsonantane» og andre  karakteristiske «knekk og krullar» i tonane…

Inger Lien og Kjell Hove er blant dei fremste formidlarane i Telemark i dag, og opptrer for fyrste gong på våre kantar.

Programleiar: Maria Høgetveit Berg.

13.00

KAFÈ TID

120,-
/60,-(ungdom)

Rasmus kjorstad & helga myhr

To unge og særs talentfulle spelemenn på henholdsvis fele og hardingfele. Begge utdannar seg ved Norges Musikkhøyskole og begge er i semifinalen i INTRO-folk.

14.15

KAFÈ TID

120,-
/60,-(ungdom)

festivalkveld fredag:

festivalvorspiel

Happy hour, happy music, happy people!

17.00

SUNDREHALL

400,-
/150,-(ungdom)
500,-(dagspass)
800,-(festivalpass)

Per Anders Buen Garnås &
alexander olavson røynstrand

Solo slåttespel på hardingfele i verdsklasse!

18.00

kaunan(de/se/au)

Nordisk «viking-sound» frå Tyskland, Østerrike og Sverige.

Kaunan spelar rå, upolert og superdansbar nordisk folkemusikk med ein herleg mørk undertone. Skal ordet «tøft» eller «dritbra» brukast, er dette rette musikken! Skal ordet «tøft» eller «dritbra» brukast, er dette rette musikken!

Boris Koller: Kontrabassharpe, oktavkontrabassharpe
Göran Hallmarken: Song, Hurdy-Gurdy/dreielire, sekkepipe, munnharpe
Oliver s. Tyr: Irsk Bouzouki, mandora, mandola, Trossingen-lyre, munnharpe

19.30

susanne lundeng

Nord-norske stormkast og lun midnattsol!

Susanne Lundeng: Fele/vokal
Nils-Olav Johansen: Gitarer og elektronikk
Arnfinn Bergrabb: Trommer
Are Simonsen:  Lyd/elektronikk

NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall

21.00

festivalnatt fredag:

NB: 18-årsgrense

dansefest

Non-stop gamaldans og springardans
med KVARTS, Sven Nyhus kvartett og diverse andre spelemenn.
Gamaldans, springar og pols(runddans/bygdedans)

22.00-02.00

FESTSALEN,
THON HOTEL HALLINGDAL

250,-
800,-(festivalpass)
500,-(dagspass)

Myllargutens gammaldansorkester

Myllargutens gammaldansorkester er eit mobilt og ambulerande ensemble. Dette betyr at du aldri heilt veit kven du får, men filosofien bak bandet gjer at du alltid veit kva: nemleg ultradansbar musikk og heisastemning. Med foten godt planta i tradisjonsmusikken snik det seg også inn slagerar som innbyr til allsong.

22.45

JEGERSTUGU,
THON HOTEL
HALLINGDAL

skenet(se)

Svensk folk-rock på sitt beste!

Lena Jonsson - fele
Niklas "Nicke" Bertilsson - trommer
Johan Mörk - bass
Staffan Jonsson - gitarer

00.15


laurdag 26. mai:

fele til frukost

Start dagen med den perfekte kombinasjonen av god mat, godt humør og god musikk. 

Hardingfelene til spelemennene frå Talentskola i Buskerud samt den eineståande velsmakande frukostbuffeten på Kafé Tid gjer at du lett kan danse deg gjennom resten av festivalen.

08.30

KAFÈ TID

125,-

lynkurs i hallingspringar

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

Instruktør: Ola Stave

10.00

SYNINGEN,
ÅL KULTURHUS

GRATIS

Moro på Sundrehallplassen

Som vanleg stiller Noregs beste hallingdansarar på Ål laurdag 12.00 for å tevle om 10 000 blanke kroner. Men allereie frå tidleg om morgonen blir det musikk, dans, god mat og, ikkje minst, god drikke. Skikkeleg godstemning, altså! 

10.30

SUNDREHALL

GRATIS

intro-folk

Seks unge og lovande folkemusikarar er plukka ut til INTRO-folk 2018. I semifinalane skal dei spele om finaleplass og deretter tittelen «Årets unge folkemusiker 2018». Semifinalane blir arrangert her på Folkemusikkveka, Førdefestivalen og Telemarksfestivalen.

Johanne Flottorp & Rasmus Kjorstad

14.00

kjem snart!

120,-
/60,-(ungdom)

bygdamønstringa 2018

Denne tradisjonsrike konserten treng ingen nærare presentasjon! I god gamal stil utfordrar me DEG til å innta scena og bidra med eit innslag! Advarsel: Nysetlifolket har meldt sin ankomst etter to års utestenging pga for vill oppførsel. Folkemusikkveka tek IKKJE ansvar for kva som skjer…

Programleiarar: Ola Stave og Leif Ove Helling

OBS: Merk tidspunktet!

14.00

ÅL KULTURHUS

220,-
/110,-(ungdom)

fanitulltevlinga 2018

Kappspeling mellom mange av dei fremste spelemennene i landet! Tre vinnarar deler premiepotten på kr. 30 000,- vinnaren får 15 000,-, og napp i ein flott sylvpokal.

Det er Olav Thon som har gjeve pokal og prispengar til fremje av «spillemannskunsten».

Tipp dei tre som går til finalen - og få ei overrasking.

 

16.00

kjem snart!

120,-
/60,-(ungdom)

festivalkveld laurdag:

NB: Ingen aldersgrense

Festivalvorspiel

Happy hour, happy music, happy people dag 2!

17.00

SUNDREHALL

400,-
/150,-(ungdom)
800,-(festivalpass)
500,-(dagspass)

BYTTING

Elisabeth Ellingsen frå Hurum og Silje Risdal Liahagen frå Torpo har i mange år vore aktive innan folkemusikken. Dei er dyktige kvedarar, dansarar og skodespelarar. No trør dei til med si eiga forestilling, «Bytting».

I norsk folketru var det ei kjent sak at dei underjordiske stal menneskeborn og la sine eigne stygge born att som erstatning. «Bytting» handlar om ei nybakt mor som blir overlaten til si eiga einsemd der ho må kjempe mot tankane, og gradvis forsvinn inn i vrangforestillingar.

Forestillinga er ein nyproduksjon der dansen, musikken og forteljinga går hand i hand. På scena står to skodespelarar og to musikarar. Nestoren Indra Lorentzen har bidratt med instruksjon og som regikonsulent, og Eldgrim Springgard har skrive manuset. Saman skaper dei ei historie med klangbotn i overtru, tradisjon og folkekultur, der musikken, dansen og teksten minner uss på styrken som ligg i morskjærleiken.

Dei to musikarane er Selma French Bolstad og Christian Svensson.

18.00

kaunan(de/se/au)

Nordisk «viking-sound» frå Tyskland, Østerrike og Sverige.

Kaunan spelar rå, upolert og superdansbar nordisk folkemusikk med ein herleg mørk undertone. Skal ordet «tøft» eller «dritbra» brukast, er dette rette musikken!

Boris Koller: Kontrabassharpe, oktavkontrabassharpe
Göran Hallmarken: Song, Hurdy-Gurdy/dreielire, sekkepipe, munnharpe
Oliver s. Tyr: Irsk Bouzouki, mandora, mandola, Trossingen lyre, munnharpe

19.15

 

fanitullfinalen 2018

Tre spelemenn, tre hallingar (lauslåttar) og 30 000 blanke kroner.

20.15

kvarts

Folkemusikkgruppa Kvarts er ei av dei mest markante folkemusikkgruppene i Noreg. Med norsk tradisjonsmusikk som basis arbeider Kvarts bevisst med å utvikle nye presentasjonsformer for musikken sin. 

Kvarts oppsto nettopp på Folkemusikkveka, og feirar i 2018 heile 20 år med eigen jubileumskonsert på vårt kjære Sundrehall.
NB: Hugs gode dansesko!

Jo Asgeir Lie: Trekkspel. 
Øystein Rudi:  Fele, hardingfele
Tom Willy Rustad: Kontrabass, gitar, torader, seljefløyte, munnharpe. 
Erlend Styve: Gitarar


NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall

21.00

festivalnatt laurdag:

NB: 18-årsgrense

dansefest

Non-stop gamaldans og springardans med Toradertrioen frå Hallingdal og diverse spelemenn.

22.00-02.00

FESTSALEN,
THON HOTEL HALLINGDAL

250,-
800,-(festivalpass)
500,-(dagspass)

svarteper

Dei lokale heltane i Svarteper serverer skranglete folkrock med hang til spaghettiwestern og psykedeliske overtonar. 

Karane har akkurat spelt inn si andre plate og er i siget!

23.00

ni liv

Etter 15 år på vegen er turen endeleg komen til folkemusikkveka. Ei tettpakka Jegerstugu samt råbra folkrock med Bøheringen Jon Solberg spissen berre må bli bra!

Knut Olav Sandvik frå Ulefoss: bass og kor
Terje "Meisen" Meisingset frå Moss: tangentar og trekkspel
Jon Solberg frå Bø: song, gitar og fele
Jan Birger "Joffe" Akerhaugen frå Akkerhaugen: gitar og kor
Eivind Aase frå Flatdal: trommer og kor

00.15


sundag 27. mai:

folkemusikkgudsteneste med kjente, kjære salmer

Kom i kyrkja og delta i «det store koret». Her er det ingen prestasjonskrav. Det einaste som skal til er at du finn glede i å syngje, eller høyre på om du heller vil det.

11.00

ÅL KYRKJE

GRATIS

familiedag på museet

Her kan ein puste ut etter ein lang festival med mange store og gode musikkopplevingar. Ta borna med opp på Leksvol og få ei roleg, fin sundagsoppleving på tampen av Folkemusikkveka 2017.

Bl. a. kjem spelemann Cecilie Skrindo, samt trubaduren Bjørn Arvesen frå Ål som syng Taube, Dan Anderson, Prøysen og Ellingsgard!

Sal av lappar og kaffi.

13.00

ÅL BYGDAMUSEUM

GRATIS

feletennis

Ål Rekkertklubb feirar Folkemusikkviku 2018 og Villfisksamlinga med tennisturnering og eksperimentell improfelemusikk. Turneringa er avvikla uformelt to år tidlegare: 
Martin Ruud vann 2015.
Morten Ringstad 2016.

Er det din tur i år?

Staseleg vandrepokal.

Oppstart: Kl. 14.00 (rett etter siste konserten til Folkemusikkdagane).

Påmelding: Jørund Li på 90974886 fram til kl 13.00 27. mai.

Etteranmelding: Bråta frå 1300 til 1400.

Påmeldingsavgift: 100,-. Kontant eller vipps.

Opplegg: Tre game i innleiande. Fem i finale.

Kiosk: Oppbyggeleg drikke til alle. Vassmelon og is.

Arrangør: Ål Rekkertklubb (i omsorgsfullt samarbeid med Villfisksamlinga og Folkemusikkveka).

(Naken(?))bading i Opsjø for frilynte etter match.

Meld deg på, eller kom som publikum.

Begge delar like viktig. 

Vel møtt!

14.00

BRÅTA

GRATIS