torsdag 25. mai:

...fram mot sumarstid...

Å syngje saman med andre styrker mental helse, viser nye studier. Å syngje saman med andre gir bedre resultat enn å syngje åleine eller drive med lagidrett. Ja, var det ikkje det me visste! Gode, gamle Evjens Minne, topp husorkester med Torill Kvalvågnes i spissen, allsong og deilig brunsj av Bygdekvinnelaget. Ein god start på dagen altså. 

Husorkester: Torill Kvalvågnes, John Storhaug, Audun Haugeplass og Jo-Asgeir Lie.

13.00

EVJENS MINNE

100,-

birger og bandet

Birger Liahagen har hatt eit langt og rikt spelemannsliv, og i over 25 år har han komponert musikk og skrive songar. Med oppvekst i ein spelemannsheim i Grønlio i Gol har folkemusikken alltid vore ein raud tråd i låtskrivinga hass.

Birger Liahagen - trekkspel, song, 
Knut Hjelmen - trekkspel, piano, orgel
Per Liahagen - gitar, song
Bjørn Wiggo Engen - ståbass
Vigdis Liahagen - song
Ottar Kåsa - el-gitar, hardingfele
Arne Moslåtten - fløyte, torader
Rebecca Loft - bratsj, feler

15.00

THON HOTEL HALLINGDAL

100,-

tradisjonell kyrkjekonsert

Kyrkjekonserten under Folkemusikkveka har vorte ein pilar under festivalen. Me har utvikla eit tett og godt samarbeid med kyrkja, noko som har resultert i ei lang rekkje eineståande gode konsertopplevingar. Gjennom dei siste åra har ei fullsett kyrkje fått oppleva store kunstnarar. Dette året vert ikkje noko unntak. 

Ål-koret, Tuva Syvertsen, Ottar Kåsa, Daniel Kvammen & SVER, Øyonn Groven Myhren, Gatesangerne og Rydvall/Mjelva.

Programleiar: Bergljot Kaslegard

19.00

ÅL KYRKJE

250,-
/125,-

festivalnatt torsdag:

musikkquiz

Øystein Velure, Folkemusikkveka sin eigen Quiz-general, stiller også i år spørsmål på sin heilt særeigne og underfundige måte. Øystein si høgre hand er sjølvsagt Morten Gjeldokk. Merk deg at dette ikkje er ein rein folkemusikkquiz, men ein musikkquiz der alle kan delta og der det ikkje vert stilt krav til at ein skal vita kva låttar Øyvind Brabant spela på Landskappleiken på Otta. Alle kan med andre ord delta, og alle har sjansen til å nå opp. Meld gjerne på laget ditt på førehand. Fine og fuktige premiar!

20.30

THON HOTEL HALLINGDAL

100,-
800,-

Gatesangerne

Gatesangerne oppstod ved ein tilfeldighet på Aker Brygge for meir enn 20 år sidan og fortset med dét den lange og stolte tradisjonen med Oslo-viser
Dette blir både rørande, vakkert og ikkje minst morosamt!

Kari Svendsen - song, banjo
Lars Klevstrand - song, gitar
Steinar Ofsdal - ståbass, fløyter
Kjetil Skaslien - trekkspel

22.00

 

myllargutens gammaldansorkester/
jam-session

Myllargutens gammaldansorkester er eit ensemble beståande av ein ambulerande medlemsmasse. Dette betyr at du aldri heilt veit kven du får, men filosofien bak bandet gjer at du alltid veit kva: Nemleg ultradansbar musikk og heisastemning. Med foten godt planta i tradisjonsmusikken snik det seg også inn slagarar som innbyr til allsong.

23.30


fredag 26. mai:

felefrukost

Start dagen med den perfekte kombinasjonen av god mat, godt humør og god musikk. 

Hardingfelene til spelemennene frå Talentskola i Buskerud samt den eineståande velsmakande hallingfrukosten til Oddrun Bergaplass på Aal Pensjonat gjer at du lett kan danse deg gjennom resten av festivalen.

08.30

AAL PENSJONAT

125,-

lynkurs i hallingspringar

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

10.00

SYNINGEN,
ÅL KULTUHUS

GRATIS

dugurdsdans på sundrehall

Dansegolv, servering, den beste musikken og vonleg nydeleg vêr – kan ikkje bli betre enn det! Ta deg ei pause i handelen eller på jobben og ta deg ein svingom på Sundrehall. 

11.00

SUNDREHALL

GRATIS

STERKE HALLINGLÅTTAR

Hilde Kirkebøen og Øyvind Brabant er to spelemenn som har solid rotfeste i Hallingtradisjonen og har spesialisert seg på god takt og dansedriv. 

11.15

AAL PENSJONAT

120,-
/60,-

meistermøte på torader:
inge gjevre og ole nilssen

To av våre absolutt topp utøverar på torader!

 

13.00

AAL PENSJONAT

120,-
/60,-

Øyonn groven myhren

Øyonn er frå Ekeberg i Oslo, men med ein far frå Hallingdal og mor frå Telemark står ho med kvart sitt stødige bein i to av våre rikaste folkemusikktradisjonar. 
Groven Myhren er ei av dei finaste folkesongaran me har og samtidig ein meister på den sjeldne og vakre "Kravik-lyra"

14.15

AAL PENSJONAT

120,-
/60,-

yoga på norsk

Finn den absolutte indre ro før du slepp alle hemningar! Timen vil bli akkompagnert live av vare folketonar frå Margit Myhr.

16.30

ÅL KULTURHUS

100,-

kurs:

øyonn groven myhren

Lær deg nokre nye viser og stev med Øyonn!

15.30

AAL PENSJONAT

150,-

hallingdans: Martin Myhr

Kurs i halling for unge vaksne og vaksne ungar.

15.30

SUNDREHALL

GRATIS

Polskakurs med erik rydvall

 

15.30

ÅL KULTURHUS

150,-

festivalkveld fredag:

festivalvorspiel

Happy hour, happy music, happy people!

17.00

SUNDREHALL

400,-/150,-
500,-
800,-

myllargutens gammaldansorkester

Ultradansbar folkemusikk og heisastemning lovast.

18.00

 

valkyrien

Norge sitt mest profilerte folkemusikkband gjennom 10 år spelar på Folkemusikkveka for fyrste gong! Bandet slapp si femte plate 'prøv å si noe til meg nå' hausten 2016 til strålande kritikkar. Det er imidlertid som liveband dei verkeleg har gjort seg bemerka, både i Norge og utlandet. Med eit samspel som manglar sidestykke gjer dei seg klare for ein tett og energisk konsert på Sundrehall!

19.30

daniel kvammen & sver

Med eit hundretalls konsertar i heile Norge, deriblant utsolgte klubbkonsertar og kritikerroste opptredenar på Øyafestivalen, Slottsfjell, by:Larm, Pstereo og ei rekke andre festivalar er endeleg turen for Daniel Kvammen kommi til Folkemusikkveka. Daniel spelar saman med supergutta i SVER.

NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall

21.00

festivalnatt fredag:

NB: 18-årsgrense

dansefest

Non-stop gamaldans og springardans
med Jutullaget og diverse andre spelemenn.
Gamaldans, springar og pols(runddans/bygdedans)

22.00-02.00

FESTSALEN,
THON HOTEL HALLINGDAL

250,-
(800,-
500,-)

dj-sessions

Groovy, dansbar verdensmusikk.

22.00-02.00

JEGERSTUGU,
THON HOTEL
HALLINGDAL

raabygg

Raabygg består av tre musikarar med felles interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt.

Johanne Flottorp – Hardingfele, vokal
Tuva Færden – Hardingfele, vokal, lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – Harpeleik, vokal, munnharpe

23.00

hoven droven(se)

Legendariske Hoven Droven frå Östersund er mangeårige verdensmestere i heftig folkemusikkrock!

00.15


laurdag 27. mai:

belg te bisk

God frukost, gode historier og gode låttar.

Hallgrim Berg og Thorleif Stave

08.30

AAL PENSJONAT

125,-

lynkurs i hallingspringar

Lær hallingspringar på ein time. Kom åleine eller i par, danse får de lell!

10.00

SYNINGEN,
ÅL KULTURHUS

GRATIS

moro i "myren"

Som vanleg stiller noregs beste hallingdansarar på Ål laurdag 12.00 for å tevle om 10 000 blanke kroner. Men allereie frå tidleg om morgonen blir det musikk, danseoppvisningar og mat og drikke. Skikkeleg godstemning altså. 

OBS: I 2017 blir Moro i Myren på Sundrehall.

10.30

SUNDREHALL

GRATIS

fanitulltevlinga 2017

Fanitulltevlinga er eit kappspel med laus snipp på hardingfele og fele. Gjennom oppspel kjem ein fram til tre prisvinnarar som skal spele finale på Sundrehall. Desse tre deler premiepotten på kr 30 000,-. Vinnaren får 15 000,- og ein flott sylvpokal. Det er Olav Thon som har gjeve pokal og prispengar til fremje av «spillemannskunsten».

13.00

AAL PENSJONAT

120,-
/60,-

gamaldags bygdamønstring

Denne tradisjonsrike konserten treng ingen nærare presentasjon! I god gamal stil utfordrar me DEG til å innta scena og bidra med eit innslag!

15.00

ÅL KULTUHUS

220,-
/110,-

Leif rygg: plateslepp "BYGDATRÅEN"

Leif Rygg frå Voss er utdanna landmålingsingeniør frå Stend jordskifteskule og har arbeidd som landmålar blant anna i Ål. Han har vunne A-klassa(NM) på landskappleiken heile fem gonger og er verkeleg ein av vore mest profilerte spelemenn me har i dag.
Plata inneheld høgdepunkt frå eit lang spelemannsliv.
Velkomne til plateslepp!

17.00

AAL PENSJONAT

120,-
/60,-

festivalkveld laurdag:

Festivalvorspiel

Happy hour, happy music, happy people dag 2!

17.00

SUNDREHALL

400,-
/150,-
800,-
500,-

døgeniktenes debatt

"Det er så mye jeg skulle gjort med livet mitt, men i stedet har jeg kastet bort en fjerdedel av det og bare dansa litt", sier Vetle til Ådne.
"Døgeniktenes debatt" er herleg sjarmerande, annerledes, spektakulær og ikkje minst ei morosam danseforestilling.

Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springgard

18.00

we banjo 3(ir)

Det som starta med ein banjotrio frå Galway, Irland utvikla seg raskt til å bli eit fyrverkeri av ein kvartett med to par brødre:
Enda Scahill(banjo) og Fergal Scahill(fele, banjo,mandolin) samt Martin Howley(banjo) og David Howley(vokal,banjo, gitar)

19.15

 

fanitullfinalen 2017

Tre spelemenn, tre hallingar (lauslåttar) og 30 000 blanke kroner.

20.15

räfven(se)

Det åttemannsterke sigøynerpunkorkesteret frå Gøteborg spelar opp til dans laurdagskvelden på vårt kjære Sundrehall.
Det gledes!


NB: Begrensa antall sitteplassar inne på Sundrehall

21.00

festivalnatt laurdag:

NB: 18-årsgrense

dansefest

Non-stop gamaldans og springardans med Haugerud, Fingarsen & Evje og diverse spelemenn.

22.00-02.00

FESTSALEN,
THON HOTEL HALLINGDAL

250,-
800,-
500,-

DJ-sessions 

Groovy, dansbar verdensmusikk.

22.00-02.00

JEGERSTUGU,
THON HOTEL HALLINGDAL

morgonrode

Morgonrode er ein kvartett som består av unge, nyfikne folkemusikarar. Musikken er leiken og sart på same tid, og med eit rått og ærleg uttrykk eksperimenterar dei med tradisjonell og improvisert musikk. 

Rasmus Kjorstad- oktavfele
Selma French Bolstad- nyckelharpe, hardingfele, song
Andreas Winther- slagverk
Helga Myhr- hardingfele, song 

23.00

snakka san & sver(SE/NO)

Norsk/svenske Snakka San & Sver har dei siste åra introdusert verden for ein totalt ny genre: Folkhall! Med suveren blanding av folk, klubb og raeggaevibber kan dansegolvet bli "riktigt" hot.

00.15


sundag 28. mai:

songgudsteneste med kim rysstad

Kom i kyrkja og delta i «det store koret». Her er det ingen krav til kvalitet. Det einaste som skal til er at du finn glede i å syngje eller høyre på om du heller vil det.

11.00

ÅL KYRKJE

GRATIS

familiedag på museet

Her kan ein puste ut etter ein lang festival med mange store og gode musikkopplevingar. Ta borna med opp på Leksvol og få ei roleg, fin sundagsoppleving på tampen av festivalen.

13.00

ÅL BYGDAMUSEUM

GRATIS