![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Brendan Power og Alan ProsserMøt Brendan Power- verdas beste munnspelar! Du trur det ikkje før du får sjå og høyre! Den Norske Folkemusikkveka kan love eit forrykande møte med kanskje verdas beste munnspelar. Brendan Power bur i Storbritannia, men er opphavleg frå New Zealand. Han trakterer både bluesmunnspel og kromatisk munnspel, og gjennom å stemme dei til sine eigne skalatypar, har han skapt seg ein heilt særeigen og original spelemåte. Han har spela med store ei lang rekkje verdskjende musikarar som t.d. Van Morrison, Paul Young, Shirley Bassey og Sting, og mange fleire, så dette er ein musikar som bør opplevast! Han er særleg kjend for å spele irsk tradisjonsmusikk, men han er også svært god til å spele både blues og jazz, så dette lovar til å bli ein konsert for ein kvar smak! Brendan Power er ein av dei musikarane som har ein stor utståling på scenen. På scenen står han nærast fram som ein rebell i svarte jeans og skinnvest- ei påminning om ei fortid med Rock and roll! Han starta å spele munnspel som 20-åring, etter han hadde høyrt bluesmunnspelarane Sonny Terry og Brownie McGhee spele saman. Han reiste så rett ut og kjøpte seg eit munnspel, og etter tre år med øving nærast døgnet rundt, bestemte han seg for å prøve å leve av å spele munnspel. Han byrja med blues, men kom ganske tidleg i kontakt med andre musikkstilar, frå country til tradisjonell irsk folkemusikk. Dette kjem også til syne i den musikalske utviklinga i dei 14 cd-ane han har gjeve ut så langt. Han tykkjer det er spanande å veksle mellom ulike stilar i musikken, då dette gjer den frisk og spanande! Brendan deltok på The All-Ireland Championships i 1993, ”berre for moro skuld” som han har uttalt i etterkant, og vann heile meisterskapen. Han vart samstundes svært overraska over at kromatisk munnspel ikkje vart rekna som munnspel under konkurransen. Han måtte då fyrst stille i klassen for diverse instrument.! Då han lanserte albumet The New Irish Harmonica, fekk han snart merksemd og annerkjenning frå musikkmagasin over heile verda. Folk Roots vurderte cd-en som ein av dei beste utgjevingane i 1994, og The Irish Times beskreiv han som ein meisterspelemann. Han kjem opphaveleg frå Nelson på New Zealand, men har budd i London sidan 1992. Han har gjort er ein nyskapar av rang og har ei teknisk og musikalsk ferdigheit som er heilt unik. Neste steg på karriérestegen kom i 1998-99, då han vart med på verdsturnéen med Riverdance, men han fann fort ut at dette ikkje var det han ville bruke all tida på. I eit intervju fortalde han at han opplevde det som skremmande i starten å vere med på eit slikt kjempeprosjekt, men det vart fort ekstremt kjedeleg, særleg mot slutten av turnéperioden! Som genuint nyskjerrig på kor langt han kan utvikle munnspelrepertoaret, har han også ekperimentert med modifikasjonar av instrumentet, design og stemmemåtar. Med seg på scena her på Ål har han gitaristen Alan Prosser. Alan Prosser hadde ein normal oppvekst, bortsett frå at han heldt på å drive foreldra og søskjena til vanvidd med fløyter, piano, fele og sjølvsagt gitaren. Dette skulle bli instrumentet hans, og etter å ha vore innom ei rekkje band, vart han med i Oyster Band, som er ei kjend britisk folkrockgruppe. Interessa for gitaren stikk djupt, faktisk så djupt at då han ein gong skulle skrive nokre ord om seg sjølv og kva utdanning han hadde, kom han til at ”kva for utdanning....?” Han har gjeve ut to soloalbum, og ei trioplate saman med Lucy Randall og Brendan Power. Alan Prosser og Brendan Power i saman er eit fyrverkeri der Prosser får leike seg og utfalde seg i rikt monn Dette er første gong Brendan Power vitjar Noreg, og me kan garantere eit fyrverkeri av ein konsert!! Her kan ein sjå video av Brendan og Alan Her kan ein sjå video av Brendan |
||