Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Stand-up kveding



Jon Anders Halvorsen frå Lunde i Telemark er norsk folkesongar og lege. Han har si folkemusikkutdanning frå Ole Bull Akademiet og har fleire gode plasseringar frå  Landskappleiken, der han vann A-klassa i 2002. Jon Anders er ein kjennar av kvedartradisjonen i Telemark. I tillegg til å spele med Tore Bruvoll er han kjend i rollan som prins Sveinung (Tamino) i Tryllefløyta, Rikskonsertane si folkemusikkoppsetjing av Mozart sin opera.
Han har fått Sagaprisen i 1998, og har også motteke Statens kunstnarstipend.

Tore Bruvoll frå Tromsø er gitarist, komponist og arrangør. Han er utdanna ved Høgskolen i Telemark. Han starta som bluesitarist i Tromsø sitt natteliv, noko ein framleis kan høyre i spelet hans, men dei siste ti åra har han jobba meir og meir med folkemusikk, både som solomusikar og som bandmusikar.
I tillegg til å spele med Jon Anders Halvorsen spelar han mellom anna i Den Store Norske Gitarkvartett og Hekla Stålstrengar.

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS