Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Ingebjørg Harman Bratland, Thea Tunås Bratteng, Tor Egil kreken m.fl.



Ingebjørg Harman Bratland og Thea Tunås Brtland treffte kvarandre for nokre år sidan på ein konsert dei begge spelte på. Sidan dei har felles ståstad i folkemusikken og elles lik musikksmak fall det naturlig at dei etterhvart begynnte å spele saman.
Musikken dei spelar er både nyarrangert, tradisjonell og eigenkomponert folkemusikk, og det kan høyres at dei hentar inspirasjon frå mellom anna blues, jazz, pop, bluegrass.
På konserten under folkemusikveka har dei med seg Tor Egil Kreken på bass og strengeinstument, og Christian Haug på gitar.

Ingebjørg Harman Bratland
– er frå Vinje i Telemark og syng og spelar gitar. Ho har lenge vore eit stort musiktalent, og mange vil nok kjenne ho att frå ”Lyden av Lørdag” som gjekk å NRK hausten 07.

Thea Tunås Bratteng
– spelar Hardingfele og er frå Ål. Den store læremeisteren og inspirasjonskjelda har vore Jens A. Myro. Det drivande hallingspelet har Thea lært hjå Øyvind Brabant.

Tor Egil Kreken – Kjem frå Ål og spelar bass og diverse strengeinstument. Han er sjølvlært og jobbar i dag som frilance musikar. Han spelar mellom andre med Maria Solheim.

Christian Haug –  er utdanna frå jazzlinja ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Han har spelt i ei rekkje jazzband, og har i tillegg fordjupa seg i ulike tradisjonar som norsk og latinamerikansk folkemusikk.


Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS