![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Øvrevoll SpelemannslagØv revoll spelemannslag er ikkje noko spelemannslag i vanlig forstand. Kvartetten består av profesjonelle musikarar frå til dels svært ulike miljø; Ragnar Heyerdahl, fiolin og Kjetil Sandum, bass, spelar begge i Oslo-Filharmonien til dagleg. Med seg har dei Eilif Moe på gitar og vokal, som også spelar med Ragnar i multi-folk-gruppa ”Sturm und Drang”,og Rune Klakegg, trekkspill, som først og fremst er kjend som ein av landets fremste jazzpianistar. Inspirasjonen til navnet og repertoaret kjem frå felespelaren sin oppvekst ved landets eineste galoppbane i Bærum. Det måtte bli mykje gangar og galopp, og på deira første cd, SPILLEGAL har faktisk alle låtane relasjon til hest; Førnesbrunen”, Kjepphesten, Hestleitaren og Jeg er havren for å nemne nokon av de mest kjende. Men repertoaret deira utvidas stadig, og Øvrevoll kan og by på finsk tango, russisk foxtrot, islandske og latviske drikkeviser, irsk folkemusikk og sangar med dubiøst innhald. Øvrevoll Spelemannslag garanterar ein kontrastfylt og underholdande konsert/forestilling! |
||