Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

To fel´gubber møtast



Gjermund2Gjermund Larsen - er frå Verdal i Nord-Trøndelag. Han kjem frå ein familie med sterke folkemusikktradisjonar. Gjermund sitt musikalske utgangspunkt er musikkarven etter Hilmar Alexandersen, ein av våre fremste folkemusikarar på forrige århundre, og rytmisk og særprega Verdals-spel!
Gjermund har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet og tek no diplomstudiet i utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhørksole.
I 2002 vann han, som yngste utøvar gjennom tidene, fele klasse A på Landskappleiken, og i 2005 vann han kongepokalen i same klasse.


trond westbergTron Steffen Westberg
– er frå Brekken i Sør Trøndelag. Han spelar hovudsakleg slåttar frå Røros-distriktet med tyngdepunkt i Brekken, men han går heller ikkje av vegen for hardingfele-slåttar frå Setesdal og Telemark. Tron Steffen er musikalsk leiar i Brekken Spellmannslag, medlem av gammeldansgruppa Småviltlaget som har mange merittar å sjå attende på. Tron Steffen fekk Saga-prisen i 1997 og vann kongepokalen under Landskappleiken i 1999. Aller best likar Tron å spele til dans og han er kjend for sitt sermerkte og drivande flatfelespel. Han er også kjend for å kunne drive musikken mot det ekstatiske, noko ein naturleg nok best kan oppleve når ein har felespelaren framfor seg.

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS