![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Det mjuke, milde og det sterke, ville... Gunnar StubseidGunnar Stubseid er opphaveleg frå Bygland i Setesdal, og er ein av dei mest markante tradisjonsbærarane og formidlarane av tradisjonsmusikken frå Setesdal. Gjennom ei årrekke har han turnert i inn- og utland, både aleine og i samspel med andre musikarar. Han har også medverka på ei rekkje plateutgjevingar, og vann mellom anna Spellmannprisen saman med gruppa Slinkombas i 1979. Dei seinare åra har særleg samarbeidet med Ale Møller blitt lagt merke til. Dei siste åra har han vore tilsett på Ole Bull Akademiet, fyrst som undervisningsleiar, og frå 2003 som rektor. Hallvard T. Bjørgum Hallvard T. Bjørgum er frå Valle i Setesdal, og er ein av landets fremste tradisjonsberarar innanfor hardingfelemusikken. Setesdalsspelet hans er karakterisert som rytmisk drivande og både mjukt og vilt, og han fører vidare arven etter faren, Torleiv H. Bjørgum (1921-1990). Hallvard er ein omtykt forteljar med eit stort repertoar av anekdotar og stoff rundt musikken han framfører. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger, og i 1988 vann han også Kongepokal. Han er statsstipendiat frå 1991. Hallvard har utgjeve og medverka på eit tjugetalls plater, og fleire av desse har fått Spelemannsprisen. |
||