Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Slinkombas – ein nyskapar i si tid.



slinkombasGruppa SLINKOMBAS, med  Kirsten Bråten Berg, Hildur Øygarden, Hallvard Bjørgum, Gunnar Stubseid og Tellef Kvifte, var på slutten av 1970- åra og i byrjinga på 1980-talet eit omgrep i norsk folkemusikk. Kvar for seg var dei, og er framleis, mellom dei beste soloutøvarane i landet. Dei stod fjellstøtt i den norske solotradisjonen både i konsert – og platesamanheng. Samstundes tok dei i bruk ulike former for arrangert samspel der dei med sikker sans for tradisjonen skapte musikk som er både autentisk og ny – på same tid. Dette var ikkje vanleg på den tida, og SLINKOMBAS trakka på ein måte opp den stigen som andre folkemusikarar seinare har fylgt. I dag har dei fleste folkemusikkutøvarar arrangert folkemusikk på sitt repertoar.
SLINKOMBAS spelte i si tid inn to plater: ”SLINKOMBAS”  i 1979, og ”SLINKOMBAS- og bas igjen”  i 1982. Den fyrste plata fekk Spellemannprisen. Det kan høve å sitere frå  juryen si grunngjeving den gong: ”Prisen går til unge utøvere som med sikkert grep på den tradisjonelle synge – og spillemåten demonstrerer evner og vilje til nytenking og videreutvikling av vår musikkarv. Platen preges av en vitalitet og kjærlighet til stoffet, og dette har overbevist juryen.”

Slinkombas  er ein variant frå Sirdal av ein einmannsdans som finst i fleire europeiske land, med ymse namn. I Sverige heiter den t.d. ”Skinnkompass” og på Lista ”Slingrekompassen”.
Slinkombas er truleg forvanskingar av den franske nemninga ”Les cinq pas” som tyder ”Dei fem stega”. Eit lite vers er knytt til melodien og dansen, som er eit dugleikstykke. Det går ut på å skifte fotstille (hoppe) over to krosslagde stavar. Dansemelodien var eit av spora på den fyrste plata, og dette vart då etterkvart namnet på gruppa.

For svært mange vert det eit gledeleg gjensyn, kanskje fylt med nostalgi, når SLINKOMBAS står  på scena att. For dei yngre vert det noko nytt å oppleva desse profilerte utøvarane i samspel. Som  ekstra bonus vil plateselskapet Grappa  koma med ei ny-utgjeving av dei to plateinnspelingane som  dobbel-CD til Folkemusikkveka 2008.

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS