![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Hallingspel på SundrehallKristian Øvrevollseie (født 1910) var hardingfelespelemann frå Hol i Hallingdal. Kristian vaks opp i Hovet i Hol, og vart buende der heile sitt liv. I ungdommen lærte han slåttespel av Sevat Sataøen frå Ål, Tor Grimsgard frå Nes, og Helleik Kvanneberg frå Hol. Kristian Øvrevollseie var kjent som ein uttrykksfull og drivande god dansespelemann. I ungdommen gjekk det gjetord om spelet hans, og det vart sagt at det var like før han hadde fått bord og stolar til å danse. Han hadde ein flokete spelestil med mange dobbeltgrep, og han spelte i tillegg mykje på laus streng. Når han var riktig i gang, spelte han gjerne på alle fire strengane samtidig. Kristian vart ei viktig inspirasjonskjelde for Odd Bakkerud og Magne Myhren, og mange andre. Han hadde ein topp som spelemann i 1950-åra, men trekte seg attende frå spelemannslivet etter 1960. Han døde i 1973. Arne har ein serprega og interessant spelestil; gjerne med bruk av lite nytta felestille. Olav Luksengård Mjelva er halvt halling. Han er oppvaksen på Røros i Sven Nyhus sine fotefar og spelte pols før han kunne gå... Olav fann att hallingarven sin for nokre år sidan då han starta å studere ved Ole Bull akademiet. Han har lært hallinglåttar av spelemennene Arne Andredal og Øyvind Brabant, og vann like godt spel hardingfele klasse B på Landskappleiken på Røros, første gong han stillte opp!! Han er no ein av dei få som er A-klassespelemann i både vanleg fele og hardingfele! Olav er musikar på heiltid, og spelar mellom andre med gruppene Sver og Vømlingan. |
||