![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Durspeling som tek tak!Durspeling som tek tak Håvard Ims Håvard er frå Sandnes. Musikken han spelar er i hovudsak folkemusikk frå Rogaland og Agder-fylka. Men Håvard har aldri følt seg bunden til ein gitt tradisjon, så plutselig kjem eit tradisjonsmusikalsk sidesprang. Håvard kom derfor tidleg i kontakt med læremeistarar som gjerne budde langt unna. Tom W. Rustad, Terje Hong og Audun Eken har vore viktige førebilete, og han har lært mykje av dei. I dag speler Håvard i gruppa Geitungen, og dette har forma mykje av spelet han har i dag. Håvard vart noregsmeister på durspel i 2000 og vann Landskappleiken i durspel i 2006. Inge Gjevre Inge er frå Vågå, og har sin musikk hovudsakleg frå Gudbrandsdalen. Inge er ein av dei mest markante durspelarane i Gudbrandsdalen og har markert seg både i kappleiksamanheng og som dansespelemann i mange år. Han spelar mellom annna i durspelgruppa Jutullaget. Inge har utvikla ein særmerkt stil når det gjeld å spele springleik på durspel. Han er også ein av få som sjølv komponerar bygdedansar i gamal stil. Han vann Landskappleiken i durspel i 2007, og har vunne durspelklassa på Landsfestivalen fleire gonger. På denne konserten får du oppleve toradarspel med spenstig uttrykk og rytmisk og fengjande driv! |
||