![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Sådagen Eilif Gundersen har bakgrunn som messingblåsar, men starta tidleg å høyre på norsk folkemusikk. Denne kombinasjonen har ført til at han har blåse nytt liv i lur- og bukkehorn-tradisjonen i Hallingdal. Han har leita fram att lydbandopptak, noteoppskrifter og bakgrunnsstoff om desse instrumenta som var nær ved å gå i gløymeboka. På bakgrunn av det innsamla stoffet har han publisert fleire artiklar og ein radioprogramserie. Han opptrer som musikar i ulike samanhangar og grupper, turnerer i inn- og utland, og har vore med på ei rekke plateinnspelingar. I tillegg til å arbeide med tradisjonsstoffet har han og eksperimentert noko med luren, bukkehornet og fløytene i andre musikksjangrar, han var mellomanna den første I verda som lagde seg ein lur av is. Eilif skriv og musikk, og har levert fleire tingingsverk. Han er mykje nytta som forelesar ved Ole Bull- akademiet og Buskerud Folkemusikk-senter, og er lærar ved Ål kommunale kulturskule. Sådagen er fyrste soloplata til Eilif. Det er luren og bukkehornet som er hovudinstrumenta på plata, men han har og med seg gjestemusikarar på nokre spor: Gunnlaug Lien Myhr , Tor Egil Kreken og Terje Isungset. Plata er ein kalender som har eit utval av dei gamle merkedagane me kjenner frå primstaven. Eilif har vakse opp med desse merkedagane som betydde svært mykje i det gamle bondesamfunnet. Med luren og bukkehornet som følgje er plata ein tur gjennom ein årssyklus med dei ulike stemningar og assosisasjonar han har til dei ulike årstidene og merkedagane. |
||