![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Dugurdsdans på SundrehallDANS OG DÅP - FRÅ "DET INDRE LIV" PÅ SUNDREHALL Sundrehall har sidan 1995 vore tilhaldsstad for "Kilden" under pastor Helge Svanåsen. Denne menigheita står trygt på Bibelens grunn, men er uortodokse i bruken av virkemidlar for å nå fram med den evangeliske bodskapen. Få veit at musikken og dansen framleis går for fullt på Sundrehall. Mellom anna driv "Kilden" aktivt freds- og integrasjonsarbeid overfor muslimar og andre innvandrarar, og då er dans og musikk midt i blinken. Dans og dåp, for å seia det slik! Tidlegare er det mange som har hatt sin elddåp her - i overgangen til vaksenlivet. Det var på Sundrehall dei vorto snudden fyrste gongen, og mang ein konfirmant og ungdom debuterte både på den eine og andre måten rundt dette legendariske lokalet. Sundrehallskogen og Myrehaugane var kringe å ha. Då det var dans, fele og trekkspel, seinare trekkspel og komp, seinare "meir modderne," var det sjeldan fart på dansen før ved 22-tida. Klokka 23.55 kom det støtt drosju med ålinga som hadde vore på Geilo og tura, og som satsa på å sleppe gratis frå kl. 24.00. Var det for kaldt til å stå ute og drikke, var det alltids ein sjanse å sleppe inn i garderoba der gamle Aslegard'n hadde kommandoen i luka. Han slepte berre inn utvalde, og måtte sjøl få eit par dramma innimellom alle frakka og kåpu. For å sleppe inn der, var det ein taktisk fordel å ha med seg pene jentu, for då kunne Aslegard'n få seg ein kjakji. Ei tid var det turning på Sundrehall. Då den smellvakre Miss Peggy Moran (tidl. Margit Skomakarmoen) kom att frå Amerika og skulle ha kurs i gymnastikk, møtte det over femti mannfolk i sin beste alder. Dei fleste hadde på seg dress og slips og lakksko. Det var full kamp om å gjera inntrykk på den fagre... Tyskarane heldt til her under krigen. Ein dag i 1943 skaut dei ein gris hjå'n Knut Myren, heiste upp slaktet i flaggstonga, gav akt, og sette deretter i gang med eit større måltid. Dei kjøtsvoltne karane fekk kakebu som straff og Knut Myren fekk dubbelt uppgjer frå kommandanten. Bygdamønstringi på Sundrehall tidleg på 1970-talet var forløparen til Folkemusikkdagane og seinare Den norske folkemusikkveka. Ei mengd bygdefolk sto fram med fele og torader, dans og dikt og mykje moro. Uhøgtideleg stil, stappfulle hus og ein konserttradisjon som har sett gode merke etter seg, fram til i dag. Tidlegare hadde mange av dei store spelemennene i landet hatt konsert på Solhov og Sundrehall. Gjermund Haugen og Sigbjørn B.Osa var eit radarpar som kombinerte det vakre og storfelte i hardingfelespelet med gode skrønu og treffsikre replikkar. På Folkemusikkdagane i 1977 var det dans både på Sundrehall (600 selde billettar) og på Bakketeigen (300) samstundes. Toradertrioen og Sven Nyhus-kvartetten kappspelte.Det var so tett og heitt og fuktig at Sven Nyhus si fele gjekk upp i liminga. Det var slik buk og ståk i salen at ingen høyrde musikken, men alle dansa. Den siste store reine felekonserten på Sundrehall var i 1974, då Ola Bøe frå Valdres tok publikum med storm, i lag med toppdansarane Ola og Sigrid Olga Hjelle. Då Hallingdals beste spelemenn skal ha "maktdemonstrasjon på hardingfele" på Sundrehall fredag 25.mai, er det soleis ikkje fyrste gongen fela læt frå scenen der. -Hallgrim Berg- Mellom andre kan du danse etter desse på Dugursdansen i år: Hallingdal Kraftlag har levert oss med jamnlege musikalske kraftforsyningar sidan tidleg på åttitalet og er ei av dei leiande gamaldansgruppene i Norge i dag. Dei har gjennom åra vorte musikalsk førebilde for mange toradergrupper og enkeltutøvarar. Gruppa har ein lett og luftig spelestil og kraflagssjefen sjølv, Jostein Sørbøen, har produsert sjølv mykje av låtmaterialet dei sender ut på nettet. Øyvind Brabant er ein av dei ypparste spelemennene i landet på hardingfele. Han har gått til topps på landskappleiken og på ei rekkje lokale, fylkes og regionale tevlingar. Han er frå Nes i Hallingdal, som har lange og sterke tradisjonar når det gjeld slåttemusikk på hardingfele. Det vert vilt og sugande hallingspel. |
||