![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Opning av Den Norske Folkemusikkveka”Verdensrekord” på Torpo På Landskappleiken på Geilo i 2007 vart det sett ny verdensrekord. Ein ungdomsgjeng knytta rundt ungdomshuset Hugnadheim på Torpo raska med seg 31 førsteplassar. Desse sigrane var fordelt på 20 utøvarar. Ein utøvar var med og vann 4 klassar. Gulla kom i desse klassane: Laus, Dans hardingfele, Samspel langeleik, Lagspel hardingfele og Lagdans. Dette fortel om ein allsidig og dyktig gjeng. Det høyrer med til historia at i tillegg til dei som vann, var det med om lag 15 utøvarar til som denne gongen ikkje rakk heilt opp. Ungdommane som er med på Torpo representerar dei fleste spel- og dansarlaga i dalen. Etter at Hugnad UL har hatt tilbod om opplæring i dans, kveding og spel no i 12 år, har det snart hundre år gamle ungdomshuset i grenda vorte eit kraftsentrum i rekrutteringsarbeidet i Hallingdal. I tillegg til jamnlege øvingar der noko er i regi av Hugnad sjølv, noko gjennom kulturskulen og noko gjennom eigne organiseringar som til dømes Hallingdal juniorspelemannslag, arrangerer også ungdomslaget dansefestar for ungdom frå heile Hallingdal. På folkemusikkveka i år vil det verta høve til å sjå kva desse ungdommane er gode for. Dei skal nemleg ha ansvaret for opningskonserten den 18.mai. Det er Eldgrim Springgard som har regien, og ungdom frå heile Hallingdal skal vise at dei er dei komande folkemusikarane folkedansarane i landet! Jan Harr ![]() ”Fra skogbunnens mylder til månens ringfjell. Fra Hinnøya i Nord-Norge til øya Ildjernet i Oslofjorden. Bilder jeg har sett eller drømt, husket eller diktet”. - Jan Harr, 2008 Biletkunstnaren Jan Harr er årets festivalkunstnar. Jan Harr er fødd 1945 i Harstad, og busett i Oslo. Han er kjent for dei rikt detaljerte blomebileta sine, men også for dei flotte natur og landskapsbileta med motiv frå heimstaden i Nord-Noreg. Ål kunstforening gler seg over å kunne fylle Galleri Syningen med hans vakre og stemningsfulle maleri og litografi. Utdanning: Statens Håndverks- og Kunstindustriskole, keramikklinja, Oslo 1964 – 68. Stipendstudium Hadeland Glassverk 1967. Statens Kunstakademi, målarlinja under professor Aulie, frå 1970. Innkjøpt av: Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet Norsk Kulturråd Bergen Billedgalleri. Statens Konstråd, Oslo Kommune, Harstad Kommune samt ei rekkje bedrifter og kunstforeningar. han har hatt ei rekkje separatutstillingar og utsmykningar Han har tidligare sagt om bildene sine– ”Jeg verken kan eller vil lyve i mine bilder, og må være trofast mot min natur. Engene vil alltid være motiver jeg kommer tilbake til, og mine valmuer er en evig lengsel i meg mot det eksotiske. Jeg bruker blomster i mine bilder, fordi blomstene er vakre, og fordi jeg som estetiker gjerne vil formidle skjønnhet. I tillegg til skjønnheten tilstreber jeg ro. Bildene skal være et sted å hvile tanken og øynene. I slik å forstå at man skal flykte inn i harmonien og skjønnheten, men kanskje være der av og til.” |
||