Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

KRUK!



krukKRUK! tok sin kreative form innunder Sfinxen då koreograf Hallgrim Hansegård og komponist Andreas Ljones i dansekompaniet FRIKAR jobba lange netter på Peer Gynt i Cairo hausten 2006. Og kva det er å vera seg sjølv står sjølvsagt sentralt i KRUK! Denne gongen vil nok publikum bli kjend med andre sider ved den stereotypiserte lausdansaren og utsegn som "ein kan 'kji vera vâr, når ein er kar" blir utfordra i delar av oppsetjinga. Luftbaronane frå Den norske folkemusikkveka 2005 sitt tingingsverk "LAUS" opererer likevel i KRUK! med fire meter som minimum takhøgde i teknisk rider. Det blir med andre ord lyrisk og luftig når landets leiande kompani for akrobatisk dans vender attende til Ål etter to års grensesprengjing i inn- og utland.  
 
Dansarar: Martin Myhr, Sigbjørn Rua, Ulf-Arne Johannessen, Anders Aasberg, Solveig Hårdnes og Hallgrim Hansegård
Musikarar: Andreas Bratlie og Andreas Ljones
Lys: Sture Moslåtten
Lysdesign: Torkel Skjerven
Lyd: Tor Magne Hallibakkenkruk2
Premiere: Malmö World Mix 19.04.2007



Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS