![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Bruvoll/Halvorsen med band! Jon Anders Halvorsen frå Lunde i Telemark er norsk folkesongar og lege. Han har si folkemusikkutdanning frå Ole Bull Akademiet og har fleire gode plasseringar frå Landskappleiken, der han vann A-klassa i 2002. Jon Anders er ein kjennar av kvedartradisjonen i Telemark. I tillegg til å spele med Tore Bruvoll er han kjend i rollan som prins Sveinung (Tamino) i Tryllefløyta, Rikskonsertane si folkemusikkoppsetjing av Mozart sin opera. Han har fått Sagaprisen i 1998, og har også motteke Statens kunstnarstipend. Tore Bruvoll frå Tromsø er gitarist, komponist og arrangør. Han er utdanna ved Høgskolen i Telemark. Han starta som bluesitarist i Tromsø sitt natteliv, noko ein framleis kan høyre i spelet hans, men dei siste ti åra har han jobba meir og meir med folkemusikk, både som solomusikar og som bandmusikar. I tillegg til å spele med Jon Anders Halvorsen spelar han mellom anna i Den Store Norske Gitarkvartett og Hekla Stålstrengar. Med stor og uhemma musikalitet videreformidlar songar Jon Anders Halvorsen og gitarist Tore Bruvoll den norske balladetradisjonen. Dei er ein svært samspelt duo, med eit modent og velutvikla uttrykk. Jon Anders sin song er vakker og fløtemjuk, med delikate forsiringar som kilar i øyrene. Tore akkompagnerar fantasifullt på ulike strengeinstrument. Desse to har vore mykje i vinden i det siste, og deira siste plate ”Trillar for to” har fått strålande omtalar. Dei vann mellom anna Folkelarmprisen i klassa nyskapende/eksperimentell i 2007. Under folkemusikkveka har dei også med seg bandet sitt: Jon Anders Halvorsen – vokal Tore Bruvoll - gitar Åsmund Reistad - kontrabass Ragnhild Furebotten - fele Anders Røine - strengeinstrument og munnharpe Christian Svensson - perkusjon Med vokal norsk folkemusikk som base får me under festivalen høyre ein kraftfull og velsmakande miks der også blues, bluegrass og country er blant ingrediensane. |
||