![]() |
23. - 30. mai 2010 |
The Brazz Brothers - ein reisande musikkinstitusjon! Musikkglede og improvisasjonskunst, tre gonger brødre Førde og to gonger brødre Tafjord. Alle frå Langevåg på den vesle øya Sula utanfor Ålesund. I tillegg bak trommene: Marcus Lewin fra Eskilstuna i Sverige. Der har du fenomenet The Brazz Brothers.I dei seinare åra har The Brazz Brothers spelt saman med alt frå afrikanske stamme-høvdingar til trompetlegenda Lester Bowie og danske Povl Dissing. Vellukka alt saman, ja visst. I konsertsamanheng får du dei i rein og ublanda tapping der dei garantert trykker ventilane til botnars og leverer ein heilstøypt improvisasjons-konsert med musikk som spenner frå New Orleans jazz via afrikanske rytmer til folkemusikk frå Vågå! Det starta i Langevåg Skulekorps. Der vart den første kjærleiken til messinginstrumenta tent. Sidan vart det for Jarle, Helge og Stein Erik, Ytre Suløens Jass-ensemble og opptreden på Jazz & Heritage Festival i 1976 i New Orleans som første norske jazzband. I 1981 vart Brazz Brothers danna som ein rein messingkvintett og eit reint familieforetak. På dette tidspunktet var nemlig småbrødrene Jan Magne og Runar blitt gamle nok til å få vere med på leiken. Seinare kom trommelegenden Egil "Bop" med og det vart denne særeigne kombinasjonen av blåsarar og trommer som skapte lydbilde som er skreddarsydd for det brassbrødrene har på hjartet. Musikkglede, trøkk og improvisasjonskunst går som ein raud tråd gjennom alt dei er med på. Øverst i toneregisteret er Jarle og Jan Magne Førde på trompet og flygelhorn. I midten Runar Tafjord på waldhorn og Helge Førde på trombone og i botnen Stein Erik Tafjord på tuba. Bak trommene sit i dag Marcus Lewin og bind det heile saman - nennsomt kryddra, eller med bunnsolid trøkk og framdrift. JARLE FØRDE - trompet/ flygelhorn. JAN MAGNE FØRDE - trompet/flygelhorn. RUNAR TAFJORD - horn. HELGE FØRDE - trombone. STEIN ERIK TAFJORD - tuba. MARCUS LEWIN - trommer. Vågå Spelmannslag vart stifta 24. april 1952. Laget har i alle år vore aktive når det gjeld deltaking på kappleikar og andre arrangement, reiser, konsertering, deltaking i ulike kulturarrangement både lokalt og elles, medverknad i radio og fjernsyn, og ikkje minst i å arrangere større stemne sjølve: Landsfestivalen hadde dei i 1991 og 2007 og Landskappleiken vart arrangert i Vågå i 1964, 1996 og 2002. Dei har også fleire plateutgjevingar bak seg. Finns det spanande tangeringspunkt mellom den tradisjonelle gamaldansmusikken og rytmer og klangar frå jazzens og brazzens verd? Resultatet vart Brazz Brothers i samspell med Vågå spelemannslag, eit storslagent ”Brazzmannslag” med nyskreve musikk og tradisjonelle tonar i nye arrangement. Bli med i dansen og gjer klar for eit musikalsk blot! I tillegg til dette vil du også høyre Ål koret og Ål kantori under årets kyrkjekonsert. Vågå spelemannslag spelar til dans under Den Norske Folkemusikkveka. |
||