Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Lars-Ànte Kuhmunen og Marit Mattisgard



LARS-ÁNTE KUHMUNENKuhmunen

Lars-Ánte Kuhmunen høyrer til den nye generasjonen av joikarar og reknas i dag for ein av dei fremste utøvarane. Musikken hans kjem frå den samiske tradisjonen der joiken er eit sentralt element i eit lydbilete som fargast av instrument som marimba, slagverk, trenorsaksofon, elbass dobro, elektriske klanar med meir. Kuhmunen opptrer med bandet sitt,  som er set saman av framtredande musikarar frå mellom anna jazzsjangeren, og trollbind publikum med noko som kan skildrast som eit framgangsrikt møte mellom vokal tradisjon og grenselaus musikk.

Alt som 12-åring stod Lars-Ánte Kuhmunen på scena, og i 2000 vann han joikklassa på Sámi Grand Prix. Han har samarbeida med fleire leiande samiske artistar, som mellom andre Nils-Aslak Walkeapää, Johan Sara JR, Inga Juso og Ingor Antte Angor Gaup samt Norrbottens Big Band under leiing av Tim Hagen. Han har også vore engasjert ved det samiske teateret i Kiruna og Kautokeino samt Ice Globe Theatre i Jukkasjärvi 2003.

Debutalbumet Birrasis som  vart sleppt i 2005 vart produsert av Georg Buljo og har fått varm mottaking i både svenske og norske media. Arbeidet med innspelinga av albumet vart filma av svensk TV, og resultatet vart vist i januar 2007 ("En jävla jojk"). Kuhmunen vart i 2006 tildelt Folkelarmprisen for årets beste nyskapande/eksperimentelle plate, noko som heng høgt i folkemusikk-kretsar.



MARIT MATTISGARDmarit Mattisgard

Folkesongar og langeleikspelar frå Øystre Slidre i Valdres

Marit Mattisgard har utmerka seg dei siste ti åra med ei av dei mest særeigne stemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Viktige læremeistrar og inspirasjonskjelder er Ingvar Hegge og Rolf Karlberg. På repertoaret har ho alle slags viser, og ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv etter lite brukt stoff. Ho har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til å akkompagnere seg sjølv med. Mattisgard var med i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og er no aktiv med duoen Mattisgard/Røine (2003 -). Hausten 2005 hadde Tryllefløyta – ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom) premiere på den norske Opera. Mattisgard spela ei av ternene i stykket, som vart sett opp på rundt førti scener i Noreg og Sverige, og er Rikskonsertanes største satsing nokon sinne. Mattisgard har arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, og er utdanna bibliotekar. Ho er A klasse songar på landskappleiken, men stiller sjeldan opp i musikkonkurransar. I 2006 hadde ho statens arbeidsstipend for folkekunstnarar.


Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS