Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Toves bunadsverkstad



Toves bunadsverkstad

Torsdag, fredag og laurdag under folkemusikkveka held Tove open bunadsverkstaden sin i andre etasje på coop-bygget. Tove har fagbrev i bunad, og kan det som er verd å kunne om drakttradisjon. Under folkemusikkveka vil ho stille ut fleire fasar i det å lage eit jentepannelin, og ein av dagane vil det verta demonstrasjon av korleis ein set hovudplagget på. I tillegg kan du koma innom for ein uformell prat om skikk og bruk, og gjerne spørsmål om din eigen bunad uavhengig kvar den er frå. Enkle reparasjonar kan også ordnast!

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS