![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Valkyrien AllstarsEi sjeldan folkemusikalsk oppleving! ![]() Valkyrien Allstars er tre forførande unge hardingfelespelarar som trollbind publikum med sin leikande og virtuose presentasjon. Spenninga ligg i kombinasjonen av deira urbane stil og den urnorske særeigenheita. Dei vågar samtidig å flytte grenser ved å trekkje det tradisjonelle over i det eksperimentelle. Valkyrien Allstars har hjarte sitt i norsk folkemusikk og sjela si i den kreative vidareformidlinga. På den måten får dei stadig nye tilhøyrarar til å kjenne at folkemusikken bergtek. Ikkje berre fordi det rykkjer i dansefoten, men også fordi det vibrerer i den enkelte tilhøyrar sin kjenslestreng. Deira musikalske pågangsmot og ungdommelege sjarm bidreg til å gje omgrepa folkekultur ei ny tyding og levande musikk eit nytt innhald. Valkyrien Allstars er ei gruppe som trass deira unge alder har oppnådd mykje, Sumaren 2006 var dei musikalsk ansvarlege ved Teaterhøgskolen si oppsetjing av Peer Gynt i Frognerparken. Dei kom også til finalen i Kjempesjansen 2006 (NRK) og mottok Grappas Debutantpris 2006, som inneheld CD-utgiving hausten 2007. Under Folkemusikkveka kau du høyre Valkyrien Allstars under Festkonserten på laurdag, der også Lars-Ànte Kuhmunen band, Martin Myhr, Ulf-Arne Johannessen, Gjermund Bråten, Hallgeir Bråten og Vetle Springgard deltek. Det vil også vere finale i Fanitulltevlinga med utdeling av Olav Thon sin sølvpokal til årets vinnar |
||