![]() |
23. - 30. mai 2010 |
INTRO-folkSver: Staute spelemenn ![]() Ordet sver tyder i Rørostraktene noko som er stort, flott og heftig – det prøver dei tre spelemennene å formidle gjennom å leggje vekt på det rytmiske og energiske drivet i folkemusikken. - Me ynskjer å nå eit breidt publikum med musikken vår og motvirke tanken om at folkemusikk berre er ein kar som sit og gnikkar på ei hardingfele i ein krok, seier Olav Luksengård Mjelva (23), som sjølv spelar både hardingfele og fele. Musikken deira har fyrst og fremst sine røter i den kraftfulle folkemusikken frå Røros. I tillegg spelar dei musikk frå Hallingdal der mogelegheita til å improvisere er større. Gruppa består, i tillegg til Olav, også av Leif Ingvar Ranøien (24) på torader og Vidar Berge (33) på ulike gitarinstrument. Dei spelar også eigenkomponert musikk. Sver har eksistert i tre år og til sumaren skal dei spele inn si fyrste plate. Olav har studert ved folkemusikkstudiet i Rauland og ved utøvarstudiet ved Ole Bull Akademiet, no jobbar han frilans med ulike prosjekt. På spørsmålet om kva han har lært av å spele i Sver svarar han: - Samspel og folkeskikk! Leif Ingvar har også studert ved folkemusikkstudiet på Rauland, og går no tredje året ved utøvarstudiet ved Ole Bull Akademiet. Vidar er som han seier sjølv: ”flaska opp på jazz og visesang, til folkemusikken brått tok heilt overhand.” Han er inspirert av mange impulsar, men aller mest av sine medmusikantar. Geitungen: Sydande livskraft frå sørvest Den ti år gamle folkemusikkgruppa Geitungen spelar hovudsakleg tradisjonsmusikk frå Rogaland, men er også inspirert av keltisk musikk og nyttar musikalske uttrykk frå Agderfylka. I tillegg komponerar dei eigne låtar. Kritikarar karakteriserer musikken deira som gnistrande og svært musikalsk. Dei hevdar at framføringa deira sydar av liv samtidig som gruppa sin spelestil er tilbakehalden. -Me legg vekt på det rytmiske og har i alle år hatt eit felles klangideal, seier Olav Christer Rossebø (25). Gruppa har så langt gjeve ut to CD’ar: Vanilijesaus, som dei produserte sjølv, og Bra Kast, produsert av Heilo. For sistnemnde CD vann dei plateprisen i åpen/eksperimentell klasse under Folkelarm i 2005. Dei deltek i INTRO-folk 2007, fordi dei ynskjer å vidareutvikle samspelet på ein meir profesjonelt retta måte. Geitungen består i tillegg til Olav Christer av Vidar S.B. Skrede (26) og Håvard Ims (24). Både Vidar, som spelar hardingfele, fele og gitar, og Olav, som spelar fele, gitar og mandola, studerer utøvande folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Håvard, som spelar torader, studerer medisin ved Universitetet i Bergen Om INTRO-folk 2007 Hovedideen bak lanseringsprogrammet INTRO- folk er å skapa ein arena der nokon utvalte folkemusikarar får utvikle seg som kunstnarar og får erfaring i å utøve folkemusikk på eit høgt nivå. Denne tanken er ikkje ny i Rikskonsertane. Allereie frå 1972 har det vore mogeleg for unge utøvarar med klassisk musikk å søkje om debutstønad. Gjennom fleire år har omlag 150 unge klassiske musikarar fått slik drahjelp i starten av si karriere, og fleire av dei er i dag blant Noregs fremste musikarar. I perioda 1991 til 2002 konkurrerte dei som mottok debutstønad om å bli ”Årets debutant” og seinare ”Årets unge solist”. Debutantane gav konserter på Troldhaugen under Festspillene i Bergen, gjorde lanseringsturné og var med på ulike samarbeidsprosjekt Rikskonsertene var ein del av. I dette miljøet oppstod ideen om å endre konkurransen til INTRO-klassisk. Det verka kunstig å fortsette å kåre einaren blant dei beste, og ein gjekk heller inn for at utøvarane som vant lanseringsprogrammet INTRO skulle stille på lik linje. Gjennom 90-tallet var også den rytmiske musikken i rivande utvikling, og i 1998 vart Jazzintro for første gong gjennomført. Jazzintro avviklas annankvart år, og er eit samarbeid mellom Rikskonsertane, Norsk jazzforum og fem av landets største jazzfestivalar. Vinnaren av Jazzintro får tittelen ”Årets unge jazzmusikere”, og gjennom åra har Urban Connection (1998), Ra (2000), SOLID! (2002), in the country (2004) og Puma (2006) fått mogelegheita til å spele for festivalpublikum, på klubbar og i skulen gjennom lanseringspakka Jazzintro. I den same perioda utvikla blant anna Norges musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet i samarbeid med Griegakademiet i Bergen utdanningstilbod innanfor folkemusikk. Det har skapt mange dyktige utøvarar, og hausten 2004 tok Folkemusikkscena og Norsk folkemusikkformidling kontakt med Rikskonsertane og fremma ideen om å etablere INTRO-folk. Allereie året etter vart den første INTRO-folk konkurransen arrangert, folkemusikkgruppen Majorstuen vant og fekk ein skreddeasydd lanseringspakke for 2006. I årets konkurranse vil semifinalistane konkurrere på følgjande festivalar: Sver møter Geitungen under Folkemusikkveka i Ål i mai. I begynnelsen av juli konkurrerar Jorun Marie Rypdal Kvernberg med Kim André Rysstad og Trond Sporsheim Berg på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Same månad finn den siste semifinalen stad på Riddu Riddu festivalen i Kåfjord, der Gro Marie Svidal konkurrerar med Benedicte Maurseth. Juryen består av Øyonn Groven Myhren, Ånon Egeland og Inga Juuso. Rikskonsertanes direktør, Åse Kleveland, er leiar for juryen. Finalen til INTRO-folk 2007 går av stabelen på Telemarkfestivalen i perioda 19.-22.juli. Vinnaren får ein skreddarsydd lanseringspakke sett saman av Rikskonsertane. Den som vinn vert lansert i 2007 og 2008 gjennom konsertar på INTRO-folk sine lanseringsfestivalar og Norgesturné i regi av Rikskonsertane. Lanseringspakka inneheld også fleire mogleheiter, til dømes tilbod om å utvikle eit skulekonsertprogram i samarbeid med produsent, gjennomføre ein skulekonsertturné, og nytte Rikskonsertanes produksjons- og redigeringsstudio. I tillegg har Rikskonsertane i samarbeid med Musikkinformasjonssenteret (MIC) og med støtte frå Utenriksdepartementet utvikla eit treårig prosjekt som skal lansere INTRO-musikarane i Europa. ![]() Den Norske Folkemusikkscena |
||