![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Embrik Bergaplass og Thorleif StaveEmbrik Bergaplass er ein av dei viktigaste tradisjonsberarane innan slåttespelet på durspel i Hallingdal. Han er ein av dei mest aktive spelemennene i Hallingdal, og spelar mykje både til konsert og dans. Han har gjeve ut to plater, den fyrste kom i 1980, og den siste i 2004. Embrik har dei seinare åra også vore timelærar både ved Norges musikkhøgskole og Ole Bull Akademiet. Thorleif Stave er også ein av dei mest kjende toradarspelemennene i Hallingdal. I 1975 var han med på å gje Noreg eit toradarsjokk, då Toradartrioen kom med fyrste plata si. Toradartrioen gav ut fem plater, og selde ca. 100 000 plater i løpet av dei åra dei heldt på. Thorleif er også ein heilt sentral tradisjonsberar av slåttespelet på durspel på Ål, og har til liks med Embrik vore timelærar ved Norges musikkhøgskole. Ingunn Stræte Lie er årsaka til at desse to spelemennene fekk engasjement ved Norges musikkhøgskole. Ho vil på konserten presentere dei to læremeistrarane hennar, og gje publikum eit møte med dei to mest sentrale toradarspelemennene på Ål. |
||