Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Oddemann Haugen Memorial



Oddemann Haugen – den fargerike og bohemliknande toraderspelemannen og treskjeraren frå Kleivi


Oddemann, eller Odd Gunnar Haugen (1942-1992) er ein av dei toradarspelemennene som verkeleg har sett spor etter seg i norsk folkemusikk. Han vart ei legende i levande livet, og hadde eit virituost spel som appelerte til eit stort publikum. Ein kan med rette hevde at han var ein av dei fremste utøvarane på durspel i si tid.

Han vaks opp både i Hol og Ål, og gjekk tidleg i lære hjå goffa sin, Olav Haugen. Der lærte han både å spele toradar og spikke brureskeier. Mykje av den musikalske inspirasjonen henta han frå Hans og Gotthard Erichsen. Samstundes hadde han ein solid ballast i den gamle durspeltradisjonen i Ål og Hol.

Gjennom åra han var aktiv som konserthaldar, og av det meir kuriøse kan nemnast uffe trioenat han var den fyrste som sepla toradar i Ål kyrkje! Han spela mykje til dans, både aleine, og i ulike samspelkonstellasjonar. Mellom desse var Oddemanns Trio, som vart eit begrep i norsk musikkliv, og med denne trioen spela han inn to plater.

Han hadde også eit godt samarbeid med Lillebror Vassaasen, Willy Rustad og Øystein Nicolaisen. I sundagens konsert vil me få høyre alle desse fire i ulike konstellasjonar. I tillegg har nevøen til Oddemann, Ulf-Arne Johannessen nyleg starta noko som kan minne om Oddemanns trio, der han spelar saman med Egil Haugerud på durspel og Arne Olav Gullhagen på skeier.
Andre deltakande i konserten blir Toradertrioen, Hallingdal Kraftlag og Ålingan.


”Så sjølv om gamaldansmusikken ikkje akkurat er født og oppvaksen i Hallingdal, så har han likt seg rettigt godt her etterkvart.”
– Arne Sigurd Haugen



Toradertrioen spelar att!!


Hallingdal har spela ei viktig rolle i vitaliseringa og oppblomstringa av gamaldansmusikken dei siste 20 åra. "Toradertrioen frå Hallingdal" må ta både æra og ansvaret for den durspel-farsotten som sidan 1975 har herja i landet. Både til glede og fortvilelse for folket, alt etter som.

I 1975 kom fyrste plata til Toradertrioen. Det var noko nytt, det var frisk og feiande glad musikk. Med nerve og originalitet. Det vart Spellemannpris, og dei fem LP-platene Toradertrioen ga ut selde tilsaman ca. 100.000 eksemplar. Ein rekord som det skal verta vanskeleg å slå innan denne musikksjangeren.

Dei tre spelemennene, banksjef og bonde Torleif Stave, lensmannsbetjent Ola K. Rygg og pelsdyrrøktar Oddvar Fingarsen, vart i løpet av kort tid kongerikets nye durspelkongar. Radio, fjernsyn og tallause arrangørar over heile landet og i Sverige med, ville ha tak i desse karane.
Plateinnspelingar fylgde på rekkje og rad. I 1976 kom "Takk for sist", året etter "På fest med Toradertrioen". Kompet på desse fyrste platene vart henta frå hovudstaden. Håkon Nilsen, bass og Jan Erik Kongshaug, gitar, faste musikarar i Sven Nyhus kvartett og med årelang erfaring frå dei fleste leirar i musikklivet, utgjorde det stødige kompet til durspeltrioen.

Så skjedde det endringar. Ola K. Rygg vart lensmann i bygda, og fann å måtte prioritere det sivile livet i større grad. Toraderen vart, om ikkje pakka ned, så i alle fall sett på hylla for ei tid.
Ny medlem i Toradertrioen vart Jostein Sørbøen, ung spelemann som hadde fått det meste av si opplæring hjå Oddvar Fingarsen, etter at dei var naboar på søre Sundre ei tid. Tore Løvgreen, trekkspelar i Sven Nyhus kvartett, utvida trioen til kvartett. På bass og gitar dukka det opp to tidlegare pop-musikarar frå Satakroken i Ål, Arne Sandum og Arne Moslåtten. Med denne besetninga kom fjerde LP-plata til Toradertrioen, i 1980, "Me dreg i gang att". To år seinare runda Toradertrioen av med den femte og siste, " Uppatt og atte".

Kva som har skjedd etterpå veit alle. Toraderen har spreidd seg som ein farang i by og bygd over heile landet, i ein ustoppeleg flaum. Dei fleste stader var toradermusikken gått ut av bruk og var gløymt. No blomstra interessa opp att. Lokale "toradertrioar" har dukka opp i alle bygder og vorte til ein slags "folkebevegelse". Dette er vel det viktigaste bidraget Hallingdal har gjeve til norsk gamaldansmusikk.

Kjelde: Arne Sigurd Haugen

På sundagens konsert dreg Toradertrioen i gang att, etter mange års kvile. Dette er det verdt å få med seg!




Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS