![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Folkemusikk og gudstenesteFolkemusikk og gudsteneste- tradisjonar og nyskaping er eit spanande nyvinning som Ål kyrkjelege fellesråd har sett i gang. I 2006 fekk dei 290 000 kroner i støtte hjå Norsk kulturråd til eit prosjekt som skal gå over tre år. Tanken bak Folkemusikk og gudsteneste er å få til eit langsiktig og jamt samarbeid mellom kyrkja og profesjonelle folkemusikarar i byda. Folketonar og folkemusikk ber ofte i seg sterke understraumar av kristen tru og åndeleg uttrykk. Her snakkar ein om ein levande tradisjon som kan tilføre mykje til gudstenestelivet, samstundes som gudstenesta kan gje noko attende. Den Norske Folkemusikkveka har i ei årrekkje hatt kyrkjekonsertar som ein fast del av programmet til festivalen. Ål kyrkjelege fellesråd ynskjer å føre bruken av folkemusikken eit steg vidare, då tanken er å bruke den som ein naturleg del av det musikalske innhaldet i gudstenesta. Totalt er det planlagt 36 gudstenester, ein del sjølvstendige kyrkjekonsertprosjekt, og ei rekkje andre små og store hendingar der folkemusikken blir ein naturleg del i løpet av desse tre åra! På sundagen i Folkemusikkveka kan ein oppleva høgmesse med folkemusikkliturgi for første første gong i dette prosjektet. |
||