Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

The Holstein United Bluegrass Boys



The Holstein United Bluegrass Boys (THUBB) består av Audun Haugeplass, vokal/Rickenthubbbacker-bass, Kjetil Steensnæs dobro/vokal, Kristian Kvalvåg, gitar/vokal, Tarjei Nysted, fele/mandolin/vokal og Tor Egil Kreken, banjo/vokal.

Vokalist Audun Haugeplass har ei stemme som vitnar om at skogen i Hallingdal ikkje kan vere så ulik den du finn i fjella i Appalachia. Og den fleirstemte songen som har vorte THUBB sitt varemerke, er av den sorten som henset deg til gyngestolen på verandaen i heimsens dal, med kaffikopp i hand og sola på veg opp.
Om ikkje resten av bandet har like godt alibi for å drive med bluegrass som småbrukar Haugeplass, så høyres det iallefall slik ut! Bandet gjev seg i kast med klassikararane innanfor sjangeren, og både Bill Monroe, Stanley Brothers og Jimmy Martin er representert. I det siste har dei også byrja å skrive litt eigne songar, for å lindre hjartesorg og gje sitt audmjuke bidrag til den fantastiske bluegrass-sjangeren.

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS