![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Storm Weather Chanty ChoirStorm Weather Shanty Choir frå Stord har på få år klart å skapa seg eit namn som eit av dei råaste og friskaste kora i landet. Sidan starten har koret gjeve ut tre cd'ar og drive stadig meir hektisk konsertverksemd. Blant høgdepunkta til no må nemnast: Bergenfest 2006, Festival Maritim i Bremen, Langesund Internasjonale Sjantifestival, Nordsjøfestivalen Sailors Wake, og Telemarkfestivalen, by:Larm 2005, innslag på Sommeråpent og Beat for Beat på NRK, samt utallige pubkveldar land og strand rundt. Koret har heile tida fått særs gode tilbakemeldingar frå publikum og mykje av grunnen er at dei gjev publikum noko folkeleg som dei sjølve kan vera med på. Koret har det dessutan vanvittig moro i lag når dei syng, og det smittar over på publikum. Namnet er ikkje berre meint å skulle assosierast med eit kjent meteorologisk senter, det skal også skildra deira måte å syngja på. Dei syng som om det er ein ”tonal” storm du blir råka av, kraftfullt og med sjel, slik dei trur mykje av songen vart gjennomført ombord på seglskutene i gamle dagar. Men sjølv om dei ofte syng av all kraft, formidlar dei også mange av sjøens melankolske frivaktsviser, med all den respekt ein kan gje dei gamle sjøfolk.Dei som er med er: Håkon Steinar Vatle: Har master i sjanti og mange års erfaring som sjantimann på Statsraad Lemkuhl. Gisle Østrem: Beatlesfrelst It-konsulent med eige heimestudio. Ronny Sætre: Adjunkt, dykkar og gitarist. Rune Nesse: Trommis med bakgrunn frå korps og death metal. Vidar Vedå: landsskapsarkitekt og visesongar. Roald Kaldestad: forfattar og musikant. |
||