Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Egil Syversbråten og Aslak Opsahl Brimi



Egil Syversbråten
Egil Syversbråten er oppvaksen i Hemsedal, og er tredje generasjons hardingfelespelar. Han er ein av Hallingdals mest ettertrakta spelemenn, og vert halden svært høgt.
Egil er ein utøvar som har gått i tradisjonslære hjå fleire kjende spelemenn, mellom andre Odd Bakkerud, Øyvind Brabant og Jens A. Myro. Dei seinare åra har han arbeidd med fordjuping i tradisjon gjennom lydopptak (voksrull/band) av ikkje nolevande kjelder. Han er tildelt fleire prisar, m.a. Øyvind Berghs minnepris (´93) og Norsk Folkemusikkfond sin pris (´97). I tillegg kan han vise til fleire topplasseringer i kappleik samanheng. Han har hatt solokonsertar på alle dei store folkemusikkfestivalane i Noreg samt i Sverige og Finland. Han har også samarbeidd med mellom andre Knut Reiersrud, Drammen Byorkester og Erik Wøllo.


Aslak Opsahl Brimi

Aslak Opsahl Brimi (født 1983) er oppvaksen i Garmo  i Lom. Han er født inn i ein folkemusikkfamilie, og både far Rolv og  bestefar Hans W. spelte fele. Aslak starta med felespel hjå far sin som 8-9 åring, og fekk etterkvart Bjørn Odde som læremeister.
Det er slåttetradisjonen i Ottadalen som er musikken til Aslak, og det er det som kjem fram på debutplata Blå september. Det er og særs viktig for han å vidareføre musikken og spelestilen som bestefaren Hans W.  Brimi stod for.
Etter at Aslak starta å stille på kappleikar i 1999, har han fleire gode plasseringar å vise til. Han vann C-klassa på fele på Rauland i 2001, og B-klassa på Gjøvik året etter. I A-klassedebuten i Eidfjord 2004 kom han til finalespelet, og vart til slutt nr 2, og fjor sumar vann han den gjevaste klassa som ein av dei yngste nokon gong!

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS