Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Kammerkoret Pektoral



pektoral
Kammerkoret “Pektoral”  kjem frå Kiev, og vart grunnlagt i 1998. Koret har unge medlemmer, der dei fleste har høgare musikalsk utdanning.
Dei fokuserar mest på meisterverk frå den religiøse og nasjonale kortradisjonen, og repertoaret deira inneheld skattar frå den ukrainske songtradisjonen, så vel som internasjonale klassiske korverk og ukrainske folketonar.
Kammerkoret har gjennom tida delteke på mange festivalar og tevlingar med svært gode resultat, og dei har gjeve ut tre plater.
I 2004 var koret på vitjing til Ål og hadde konsert i Ål kyrkje. Dei er denne gongen invitert av Ål Lions og Folkemusikkveka.
Kammerkoret “Pektoral” er alltid glade for å dele sin kreativitet og energi med publikum, og årets kyrkjekonsert vert spanande. Her skal også Ål-koret og Ål kantori delta.

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS