![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Steinsprang - Folkemusikk i symfoniKonsert med Kringkastingsorkesteret med Kvarts, Berit Opheim, Sondre Bratland og Birger Mistereggen som solistar. Folkemusikkgruppa Kvarts og Den Norske Folkemusikkveka har i lengre tid arbeidd med ein idé om å få til eit samarbeid mellom Kringkastingsorkesteret, Kvarts, Sondre Bratland, Berit Opheim og Birger Mistereggen. Prosjektet er endeleg ein realitet, og er ei av hovudsatsingane under Folkemusikkveka i 2007. Arrangert folkemusikk har ofte vore lite påakta, sjølv om det på ingen måte er noko nytt og ukjent i norsk musikkliv. Så vidt me veit har det ikkje vore gjort noko liknande tidlegare mellom Kringkastingsorkesteret og ei heil folkemusikkgruppe. Kvarts har eit stort og allsidig repertoar og Bratland og Opheim er mellom dei fremste norske folkesongarane i dag. Birger Mistereggen har i tillegg tilført musikken ein perkusiv intensitet som har gjeve den ein heilt ny dimensjon. Ved å setje ei folkemusikkgruppe og så gode solistar saman med Kringkastingsorkesteret kan me sjå fram til ein konsert med svært høg kunstnarisk kvalitet. Repertoaret på konserten vil variere frå vare viser til fandenivaldske hallingar. Mykje av musikken er tradisjonell folkemusikk, mest frå Gudbrandsdalen, men også frå Hallingdal, medan noko er komponert av Kvarts. Dette er eit unikt prosjekt innan norsk folkemusikk, både kunstnarisk og arrangementsteknisk. Aldri har så mange musikarar vore på scena i Ål kulturhus samtidig, og musikken til Kvarts og solistane skal smelte saman med den store klangen til Kringkastingsorkesteret. Den Norske Folkemusikkveka er svært stolte av å presentere denne storhendinga i norsk kulturliv! Kringkastingsorkesteret – Heile landets orkester Kringkastingsorkestret er eit orkester med ein brei profil. Repertoaret spenner frå underhaldningsmusikk til klassisk og samtidsmusikk og orkestret spelar meir norsk musikk enn noko anna orkester. Den mest kjende produksjonen den siste tida er utvilsamt konsertane med Vamp. Orkestret deltek i produksjonar for radio og fjernsyn og ved prosjekt innanfor ei rekkje musikalske område. Alle konsertar der Kringkastingsorkestret deltek vert sendt direkte eller i opptak for radio og/eller fjernsyn, og konserten under folkemusikkveka vert dekkja av NRK Radio. Kvarts Sidan 1998 har folkemusikkgruppa Kvarts markert seg som ei av dei leiande norske folkemusikkgruppene. I løpet av desse åra har gruppa fått høve til å skrive musikk for ulike prosjekt, mellom anna på oppdrag for Rikskonsertane, og kvartetten har ved desse høva hatt eit tett samarbeid med Sondre Bratland, Berit Opheim og Birger Mistereggen. Kvarts har gjeve ut fire plater, der to av dei har fått spellemannpris. Den fyrste fekk dei for debutplata Kvarts i 1999, og seinast i år vann dei spellemannprisen for plata Steinsprang Musikarane i Kvarts: Jo Asgeir Lie Jo Asgeir Lie er rektor i Ål kulturskule, i tillegg til å vere frilans musikar, komponist og arrangør. Han er utdanna ved Norges musikkhøgskole med klassisk trekkspel (akkordeon) som hovudinstrument, og med professor Jon Faukstad som lærar. Våren 1998 tok han hovudfagseksamen i folkemusikk, med trekkspelaren Oddvar Nygaard som emne. Han kjem opphavleg frå Voss, men er busett på Ål i Hallingdal. Lie er ein allsidig musikar som skriv og arrangerer musikk for ulike samansetjingar. Våren 2003 vart m.a. tingingsverket ”Vinterliv” urframført av trioen Tre Begrædelige Piger under Den Norske Folkemusikkveka på Ål, og i 2005 skreiv han musikk til teaterframsyninga ”Dødsdansen på Norefjell”. Øystein O. Rudi Øystein Rudi kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Øystein driv i dag som profesjonell spelemann og kulturinovatør. Han har fire spellemannprisar i klassa folkemusikk, og har vunne Landskappleiken to gonger. Dei tre siste åra har han ved sidan av arbeidet som musikar bygd opp kulturstaden Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Tom Willy Rustad Tom Willy Rustad kjem frå Oslo, og er no busett i Sør-Fron. Han har ein allsidig musikalsk bakgrunn, og var den fyrste som tok hovudfag i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Han har også 4-årig utdanning i klassisk gitarspel frå Norges musikkhøgskole. Våren 2003 vart Tom W. Rustad tilsett som førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole. Han kombinerer dette med frilans musikarverksemd og undervisning ved landslinja for folkemusikk ved Vinstra Vidaregående Skule. Tom Willy er ein av dei personane i Norge som har forska mest på durspeltradisjonen i Hallingdal. Erlend Styve Erlend Styve kjem frå Voss. Han er ein allsidig musikar som arbeidar innan fleire sjangrar, og då særleg mykje med roots/country og ulike former for populærmusikk. Han har medverka på fleire plateinnspelingar, og har vore gitarist i ulike folkemusikk- og gammaldansgrupper. Solistane: Berit Opheim Berit Opheim er ei av våre absolutt beste og mest profilerte kvedarar. Ho er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskule. Ho har i ei årrekkje turnert i inn – og utland med konsertar og musikkteater, og har samarbeidd med musikarar frå dei fleste musikksjangrar. Ho har over 20 fonogramutgjevingar bak seg, anten åleine eller i lag med andre. Landskappleiken har ho vunne tre gonger, og har vore nominert til Spellemannsprisen også tre gonger. Berit Opheim har dessutan vore mykje nytta som festivalartist både i Noreg og andre land; nemnast kan Festspillene i Bergen, Moldejazz, Vossajazz, Telemarkfestivalen,Ultimafestivalen og ei rekkje festivalar ute i Europa. Sondre Bratland Sondre Bratland høyrer med til våre aller ypperste folkesongarar. Spennvidda går frå norsk kvedartradisjon til country, men det er kanskje som tolkar av dei religiøse folkesongane han er mest kjend. Han har vore med på å sprengje grenser mellom ulike musikksjangrar, og såleis gjort norsk folkesong tilgjengeleg for eit større publikum. Bratland har ei imponerande merittliste når det gjeld konsertar, plateutgjevingar, innsamling og undervisning. Han har sannsynlegvis Noregsrekord når det gjeld kyrkjekonsertar; over 600 forskjellige kyrkjer frå Lindesnes til Finnmark har han vitja med sin song! I tillegg har han konsertert i mange land frå Europa til Amerika og Asia. Han fekk Spellemannsprisen alt så tidleg som i 1982, og har også Telemark Fylkes kulturpris. Han er no statsstipendiat og folkesongar på heiltid. Birger Mistereggen er den første som har teke hovudfag på slåttetromme ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Han er ein svært etterspurt slagverkar, som beherskar ei lang rekkje ulike stilartar. Birger Mistereggen har spela saman med Kvarts ved ei rekkje høve, og sjølv om han arbeider til dagleg som slagverkar i Kringkastingsorkesteret, blir han i dette prosjektet erstatta, og går inn som ein av solistane. Dirigent Hans Ek Hans Ek kjem frå Sverige, og er ein mykje nytta dirigent i heimlandet sitt. Dette er derimot fyrste gongen han dirigerar Kringkastingsorkesteret. Hans Ek har brei erfaring innan folkemusikk, då han har samarbeida med mellom andre Ale Möller og Lena Willemark. I tillegg har han ein solid ståstad innanfor andre musikksjangrar. Han komonerar og arrangerar også musikk for ulike artistar, og har svært annerkjend for sin allsidigheit og musikalske breidd. Fotografar: Kringkastingsorkestret: Morten Krogvold Kvarts: Ole Johs. Brye |
||