Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Matteater




Kling Kloter satsar på hallingtapas
 matteateret1
Kling Kloter Ystilgard har bestemt seg for å satse friskt. Han vil prøve ut dei gamle tradisjonelle matrettane på nye måtar. Han vil satse på Hallingtapas. Han vil bygge om Jegerstugu til tapasbar.

Mange hugsar historia om Kling Kolter Ystilgard som matteateret presenterte i Den norske Folkemusikkveka 2006. Ystilgard reiste i ungdomen til byen. Etter fleire år med mistrivsel og gjeldskrav, fann han attende til heimegarden og overtok drifta av Øvre-Ål Resort. Han leita fram dei gamle oppskriftene. Dette inspirerte. Han fekk augene opp for den matkulturarven som låg arkivert i kjøkenbordskuffen heime. Han tok kokkenamnet Kling Kloter og bygde opp eit kjøken basert på tradisjonsmat.

Sidan sist har Kling Kloter vorte inspirert av hallingtapas. I fjor haust var han på matfestivalen på Geilo og fekk med seg at over 2.500 serveringsbitar med hallingtapas vart borte på under ein time. Under årets matteater vil Kling Kloter gje publikum ei innføring i korleis han lagar hallingtapas. Med våre fantastiske råvarer kan me laga enkle, men perfekte smaksopplevingar, seier Kling Kloter. Det er produsentane i Hallingkost som i hovudsak leverer råvarene til hallingtapas. Kling Kloter legg vekt på å finne smakar som harmonerer, og han har alt merka at gjestene set pris på nevamaten hallingtapas.

Dei som løyser billett til matteateret måndag 21. mai, kan sjølve vera med å vurdere smaken på hallingtapas. Kling Kloter er raus med smaksprøver også til musikarane som i løpet av framsyninga kjem innom tapasbaren.


Kling Kloter brukar Hallingkost som råvareleverandør:
•    Hemsedal Flatbrødbakeri
•    Leveld Lefsebakeri
•    Tamt og Vilt
•    Himmelspannet
•    Hemsegarden
•    Økogarden
•    Gunvalds kjøken
•    Hemsedal Kildevann
•    Jakobsplassen
•    Hallingskarvet Lam
•    Skarvheimen Fjellfisk
•    Budeienettverket


-Eldgrim Springgard-

Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS