FESTIVALCAMP 2017

Også i år blir det GRATIS festivalcamp i blomeenga midt på Sundre. Ta med telt, sovepose og primus og du har det du treng til det meste her i livet:)

Campen ligg kun 50-400 m. frå alle fest- og konsertlokal. Compact games altså.

Det er heller sparsomt med sanitærmoglegheiter men Thon Hotel Hallingdal er nærmaste nabo og der kan ein kjøpe ein dusj, trene eller ta badstu for ein billig penge.

For andre overnattingstilbod i Ål kommune kan du gå inn på sida til Ål booking her.


ÅL - MIDT MELLOM AUST OG VEST

 

Ål ligg midt i mellom Oslo og Bergen og er velsigna med ein av verdas finaste togstrekningar, Bergensbanen. Det går fire tog både frå Oslo og Bergen dagleg og tek 3,5 t


FOLKEMUSIKKVEKA - STERK TRADISJON

Då Folkemusikkdagane i Ål tok til i 1976, hadde ikkje folkemusikken i Noreg andre nemnande arenaer å vise seg fram enn på kappleikar. Presentasjonsformene for slåttespel, kveding og bygdedans hadde for lengst stagnert.

Entusiastar i Ål, som året før hadde vore på studietur til Kaustinen i Finland, såg med ein gong korleis dei kunne utvikle ein festival i ordet si rette tyding: Folkefest over 3-4 dagar, med store sceneframsyningarog intime temakonsertar, drøftingsemne, seminar, kurs, humor, dans til frukost og dans til kvelds, nattkonsertar, mm. Det var eit mål for arrangøren at utøvarane skulle få framføre musikken under gode tekniske tilhøve, og la dei få utfalde seg for eit sakkunnig publikum. 

Dette var noko nytt i kongeriket, folkemusikk i kunstnarleg utfalding, i eit folkeleg miljø, gjennom fleire døgn, utan tevling og poengjag.

Frå 1979 kom kyrkjekonsertane som er blitt noko av eit varemerke, der spelemennene og songarane fekk vist sider av repertoaret sitt som dei aldri kunne ha brukt på kappleikar. Desse konsertane førte til «brubygging», musikalske lyft og samkjensle mellom ulike miljø i bygda. Tradisjon og nyskaping har såleis bore frukter:  Folkemusikkmesse i Ål kyrkje er blitt eit omgrep, eit kvalitetsopplegg der god musikk og ny liturgi inspirerer arrangørar landet rundt. 

Heilt sidan starten har den uhøgtidelege Bygdamønstringa (fritt fram for alt og alle!) vore ein grunnpillar i programmet, – alltid populært og morosamt. Det siste tiåret har Fanitulltevlinga garantert store musikalske opplevingar, den einaste tevlinga i landet der deltakarane, utan klasseinndeling – og med vanleg fele og hardingfele side om side – står fram i den skirselden det er å skulle måle seg med dei beste spelemennene i landet.

Hallingdal har i over hundre år vore naturleg stoppe- og konsertstad for spelemenn på nasjonalt nivå. Folkemusikkveka går inn i ein tradisjon og inviterer til minnerike opplevingar i eit mangfald av fine konsert- og danselokale.

 

Folkemusikkveka
- den gode folkemusikkfesten


STYRET OG DAGLEG LEIAR

Per-Egil Kolsrud - styreleiar

Rektor ved Torpo skule
Kjem frå, og bur no, på Torpo
Lærarutdanning frå lærarhøgskula i Sogndal




e-post: per-egil@aal.kommune.no

Iris Almås Tangeraas - styremedlem

Dansepedag og rektor ved Ål kulturskule.
Kjem frå Bodø men er no busatt på Ål.
Dansepedagog og kulturleiar



e-post: iristangeraas@gmail.com

Anders Lunden Herfoss -styremedlem

Lektor i realfag ved Ål vgs
Kjem frå Drangedal men har budd på Ål sidan 2010
Utdanna som biolog ved UIO



e-post: alherfoss@yahoo.no

Anders Storøygard - styremedlem

Skreddar

Frå Dalen men busatt på Ål


 

 

e-post: graakufte@gmail.com

300x300.jpg
velure.jpg

Solfrid Nestegard Gjeldokk - styremedlem


Frå Geilo
Utdanna ved kultur - arrangering, formidling og forvaltning ved HSN



e-post: solfrid.gjeldokk@gmail.com

sture.jpg

Sture Moslåtten - styremedlem

Musiker og lysdesigner ved Moslåtten produksjoner
Bur på Vikersund men kjem frå Ål

 

 


e-post: sturemo@me.com

Øystein Velure - styremedlem

Siv.ing. og spelemann
Frå Hardanger men bur på Ål

 

 

 

e-post: ovelure@online.no

ulf.jpg

Ulf-Arne Johannessen
- dagleg leiar

Dansar og musikar for t.d. Rikskonsertane og Frikar
Musikkvitenskap frå Uio, Universität Wien, Hit
Frå Ål

e-post: folkemusikkveka@gmail.com