![]() |
23. - 30. mai 2010 |
Om FolkemusikkvekaStiftinga Den Norske Folkemusikkveka vart oppretta i 1995. Opphavet til DNF var eigentleg ein "annleis" bygdekappleik som vart arrangert for fyrste gong i 1976. Dette var ein kappleik utan domarar og utan tevling, med det mål å få frampå utøvarar av alle kategoriar for å syne mangfaldet i folkemusikktradisjonane og samtidig vera miljøskapande. Arrangementetetablerte seg på ein måte av seg sjølv, pressa fram av den underliggjande kraft som låg i den levande tradisjon i bygda. Etter inspirasjon frå Kaustinen – festivalen i Finland vart så bygdakappleiken utvida i tid og omfang, og fekk namnet Folkemusikkdagane i Ål. Det var den gong den fyrste folkemusikkfestivalen i landet. Den Norske Folkemusikkveka er soleis landets eldste folkemusikkfestival. |
||