Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Den Norske Folkemusikkveka arrangerer ekstrakonsert med Kvarts og KORK under Folkelarm 2009!

Torsdag 17.september kl 21.30 i Store studio i NRK. Vel møtt til konsert med Kringkastingsorkesteret og Kvarts, og med Linn Andrea Fugleseth, Sondre Bratland og Birger Mistereggen som solistar!! (Terning 5 i aftenposten for CD frå tidlegare konsert)

Konserten vart sist spelt under Den Norske Folkemusikkveka i 2007. Under Folkelarm i Oslo vert denne konserten sett opp att  Det vert først ein opningskonsert som hovudsakleg er for delegatar og artistar ved Folkelarm, og etterpå kl 21.30 er Den Norske Folkemusikkveka med å sett opp ein konsert til for publikum flest! Dette konseptet er så spennande i seg sjølv, at det ville vore forferdeleg dersom konserten ikkje kom ut til folket! Den Norske Folkemusikkveka anbefaler konserten på det aller varmaste! No er mogelegheiten her att!!

Buss frå Hallingdal går frå Sundrehall på Ål kl. 16.30, og returnerer til Ål rett etter konserten er ferdig. Pris for buss t/r er 250 kroner.

Billettar til konserten må du sjølv kjøpe på www.billettservice.no

Med helsing frå Ingunn
SMS: 99721108
epost: ingunn.lie@online.no
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS