Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Variert og spanande program på Den Norske Folkemusikkveka

Den Norske Folkemusikkveka ynskjer publikum hjarteleg velkomen til årets festival! Programmet inneheld som vanleg noko for ein kvar smak, og me kan freiste med munnspel i verdsklasse, to tingingsverk, dans og moro ei heil veke til endes.

Det er kort mellom høgdepunkta på årets festival. Brendan Power er ein av verdas aller beste munnspelarar, og gjestar Noreg for fyrste gong. Med seg har han Allan Prosser på gitar. Festivalen opnar med Hemsing-systrene og Kvarts, der festivalen i samarbeid med Jørn Hilme Stemnet også har tinga eit nyskrive verk av Kvarts. Terje Isungset lagar saman med Sigurd Tunestveit eit tingingsverk til årets kyrkjekonsert. Saman med Lena Willemark og Ål-koret blir det gamle og nye hallingdrakter i Ål kyrkje. Olav Luksengård Mjelva slepper soloplata si, det blir dans til mellom anna Toradartrioen, og Stian Carstensen spelar solokonsert. Det blir ei oppleving av dei skjeldne! 

Utescene blir det i Myren, der ei rekkje av artistane gjev smakebitar av det dei har å by på. Gjennom heile veke blir det store og små konsertar i heile Hallingdal, og også i år samarbeider Den Norske Folkemusikkveka og Ål kyrkje om seminaret Folkemusikk og gudsteneste. så publikum har mykje å sjå fram til!   

Den Norske Folkemusikkveka ynskjer ung og gamal hjarteleg velkomen til trivelege vårdagar på Ål i Hallingdal! 
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS