Den Norske Folkemusikkveka 23. - 30. mai 2010
DNFV

Møt Brendan Power- verdas beste munnspelar!

Du trur det ikkje før du får sjå og høyre! Den Norske Folkemusikkveka kan love eit forrykande møte med kanskje verdas beste munnspelar.

Brendan Power bur i Storbritannia, men er opphavleg frå New Zealand. Han trakterer både bluesmunnspel og kromatisk munnspel, og gjennom å stemme dei til sine eigne skalatypar, har han skapt seg ein heilt særeigen og original spelemåte. Han har spela med store ei lang rekkje verdskjende musikarar som t.d. Van Morrison, Paul Young, Shirley Bassey og Sting, og mange fleire, så dette er ein musikar som bør opplevast! Han er særleg kjend for å spele irsk tradisjonsmusikk, men han er også svært god til å spele både blues og jazz, så dette lovar til å bli ein konsert for ein kvar smak!
Utvikla av BeWide Technologies      Publisert med WideCMS